Tohokuregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tohoku i Japan.

Tohokuregionen (東北地方 Tōhoku-chihō) er ein tradisjonell japansk region som ligg nordaust på Honshu, den største av dei øyane som utgjer Japan. Regionen omfattar seks prefektur: Akita, Aomori, Fukushima, Iwate, Miyagi og Yamagata. Den største byen her er Sendai.

Urfolket emishi heldt til i dette området og gjorde motstand mot det japanske keisardømet frå 600- til 900-talet, då dei blei erobra.

Tohoku har lenge vore eit viktig jordbruksområde, og står for rundt 20 % av den japanske rishausten, sjølv om klimaet gjer at ein berre kan haust ei avling om året. Ris herfrå har gått til viktige område som Tokyo og Yokohama. I 1960-åra byrja ein utvikla jern-, stål-, sement-, papir-, petroleums- og kjemisk industri i området. Regionen har også mykje turisme.

Det kraftige jordskjelvet i mars 2011 fann stad like utanfor Tohokuregionen, og førte saman med den påfølgjande tsunamien til enorme skader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.