Toini Gustafsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toini Gustafsson i 1968

Toini Gustafsson, seinare Toini Lempi Rönnlund (fødd 17. januar 1938) er ein svensk tidlegare langrennsløpar som vart olympisk meister på både 5 km og 10 km under vinter-OL 1968 i Grenoble.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Toini Gustafsson er fødd i Suomussalmi i Finland. Seks år gammal kom ho til Värmland i Sverige som krigsbarn, grunna den finske framhaldskrigen.

Gustafsson var Sveriges beste kvinnelege lanngrennar i tida 1962-68, då ho vann 11 nasjonale meistertitlar på 5 og 10 km. I ski-VM 1962 gjekk ho Sverige inn til sølv i 3x5 km stafett, ein prestasjon ho gjentok under vinter-OL 1964. Gustafsson tapte i 1966 spurten mot norske Berit Mørdre om sølvet under ski-VM 1966 i Oslo. To år seinare, under OL 1968 i Grenoble tok Gustafsson sitt tredje stafettsølv i internasjonale meisterskap, men gjekk då andreetappen. Før stafettevlinga i Grenoble hadde Gustafsson gått til topps i begge dei invididuelle langrennsøveingane. På 10 km vann ho med over eitt minutts margin til Berit Mørdre, medan ho på 5 km slo Galina Kulakova frå Sovjetunionen med 3,2 sekundar. For desse prestasjonane vart ho i 1968 tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje. Året i førevegen hadde ho fått Holmenkollmedaljen.

Gustafsson gifta seg hausten 1968 med langrennaren Assar Rönnlund. I 1969 gav ho ut boka sjølvbiografien Från adresselapp til guldmedalj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar