Tokarevpistol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tokarev pistol)
Tokarevpistol.

Tokarevpistol eller Tula Tokarev 1933, forkorta TT-33, er ein halvautomatisk pistol frå Sovjetunionen.

Fjodor Tokarev utvikla tokarevpistolen i 1930 for det sovjetiske militærvesenet for at han skulle komma i staden for dei gamle nagantrevolverane som dei hadde bruka i landet heilt sidan tsartida. Den noko utbetra Tokarev-Tula (TT) vart teken inn i 1933, såleis au kalla TT 33, mykje bruka av sovjetiske styrkar under andre verdskrigen og er ein av dei mest pålitelege pistolane i historia.

Han er ein svært nær kopi av John Browning sin bakslagspistol FN Browning 1903 i utsjånad og verkemåte, kombinert med Browning sitt kort-rekyl-prinsipp (som i Colt 1911) og eit enklare hane-system med utvendig hane/hammar. Han brukar patronar i kaliber 7.62x25 mm Tokarev, og er single-action.

Kommandør med tokarevpistol under andre verdskrigen.

Under andre verdskrigen vart han lika betre enn nagantrevolveren fordi han var lettare å lade og raskare å skyte med. Da han kunne tole store påkjenningar vart han laga i store tal som krigsvåpen.

Produksjonen av TT 33 i Sovjetunionen enda i 1954. Han vart au laga i Kina, Ungarn, Polen, Jugoslavia og Nord-Korea. Etter kvart vart han erstatta av makarovpistolane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]