Tokyo Tower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tokyo Tower

Tokyo Tower (japansk: 東京タワー, Tōkyō tawā) er eit 332,6 meter høgt tårn i Minato-ku i Tokyo. Tårnet, som er basert på Eiffeltårnet i Paris, er Tokyos nest høgaste byggverk.

I fyrste etasje er eit akvarium med 50 000 fiskar, i tredje etasje ligg eit voksmuseum, medan den fjerde etasjen husar eit illusjonsgalleri. Det er også to observasjondekk: det fyrste ligg 150 meter over bakken, det andre 250 meter. Begge dekka gir eit 360 graders overblikk over byen, og på klare dagar kan ein til og med sjå Fuji-fjellet.