Toledo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Toledo i Spania)
Toledo
Flagget til Toledo Byvåpenet til Toledo
Flagget til Toledo Byvåpenet til Toledo


Plassering
Toledo is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Toledo
Grunnlagd 600-talet fvt.
Borgarmeister Emiliano García-Page
Geografi
Flatevidd
 - By

232,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

80 810
  348,2 /km²
Koordinatar 39°51′″N 4°1′″WKoordinatar: 39°51′″N 4°1′″W
Høgd over havet 529 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 45001-45009
Nettstad: www.ayto-toledo.org

Toledo (latinsk Toletum) er ein by og ein kommune sentralt i Spania, 70 km sør for Madrid. Han er provinshovudstad i provinsen Toledo og regionshovusdtad i den autonome regionen Castilla-La Mancha.

Han vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 1986 for kulturarva og dei mange monumenta som ein av dei tidlegare hovudstadane i Det spanske riket og som ein stad der kristne, muslimske og jødiske kulturarar levde side om side. Mange kjende folk og kunstnarar vart fødd i eller levde i Toledo, som Al-Zarqali, Garcilaso de la Vega, Eleanor av Toledo, Alfonso X og El Greco.

Byen har kring 80 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Puerta del Sol.

Området har vore busett sidan bronsealderen og Toledo vart viktig under Romarriket då han vart eit handels- og administratsjonssentrum i den romerske provinsen Tarraconensis. Etter Romarriket fall, vart Toledo hovudstad for vestgotarane i Spania, og han var hovudstad fram til maurarane erobra Den iberiske halvøya på 700-talet.

Under Kalifatet Córdoba opplevde Toledo ein gullalder. Denne lange perioden vert kalla La Convivencia, der jødar, kristne og muslimar levde fredleg i lag. Under arabarane vart Toledo kalla Tulaytulah. Etter at Kalifatet fall, vart Toledo hovudstad i eit av dei rikaste taifaene i al-Andalus, og med den sentrale plasseringa på Den iberiske halvøya, fekk Toledo ein sentral plass i kampane mellom dei muslimske og kristne herskarane nord i Spania.

Ruinar av eit romersk sirkus i Toledo.

Den 25. mai 1085 erobra Alfonso VI av Castilla Toledo og tok direkte personleg kontroll over den mauriske byen. Dette vart det første steget det samla kongedømet Leon-Castilla gjorde i reconquista av dei kristne styrkane. Etter kastiljanarane erobra Toledo, vart byen verande eit stort kultursenter. Dei arabiske biblioteka vart ikkje øydelagde, og det vart oppretta eit senter for omsetjing av bøkene frå arabisk eller hebraisk til spansk, og frå spansk til latinsk. Ein periode på 1500-talet var Toledo hovudstad i Castilla og byen blømde. Det spanske hoffet vart snart flytta til Valladolid og så til Madrid, og byen vart mindre viktig fram til seint på 1900-talet då han vart hovudstad i den autonome regionen Castilla-La Mancha. Den økonomiske nedgangstida i byen etter hovudstaden vart flytta, gjorde at det ikkje vart bygd nytt, og mykje av byen vart dermed bevart. I dag har Toledo ei rik kulturarv og vert vitja av mange tusen turistar årleg.

Alcázaren i Toledo vart kjend på 1800- og 1900-talet som eit militærakademi. Då den spanske borgarkrigen braut ut i 1936, vart garnisonen omleira av republikanarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]