Tolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simultantolkar i arbeid under rettssaka i Nürnberg.

Ein tolk er ein person som overfører innhald munnleg frå eitt språk til eit anna.

Tolking kan gjerast på fleire måtar, og dei mest vanlege formene er konsekutivtolking og simultantolking. Å tolke konsekutivt vil seie at innhaldet vert overført i kortare bolkar, der tolken formidlar innhaldet mellom desse bolkene. Å tolke simultant vil seie at det blir tolka samstundes som talaren snakkar. Dette er ein metode som ofte vert brukt på konferansar, og det krev at tilpassa lydutstyr er tilgjengeleg.

Det finst fleire moglegheiter for å utdanne seg innan tolkefaget i Noreg, blant anna ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. I Noreg finst ei ordning med statsautorisasjon for tolkar. Ved å gå gjennom ei krevjande prøve som vert arrangert av Universitetet i Oslo kan ein oppnå denne tittelen. Minstekravet for å arbeide som tolk i til dømes Utlendingsdirektoratet (UDI) er den såkalla ToSpot-testen.

Det vert stilt ei rekkje krav til ein profesjonell tolk. Desse er blant andre objektivitet, teieplikt og nøyaktigheit. Det er forventa at tolken ikkje legg til eller trekkjer frå noko av den originale bodskapen, og at tolken alltid informerer om rolla si i forkant av tolkesituasjonen.

Skiljet mellom tolk og omsetjar/translatør[endre | endre wikiteksten]

Medan ein tolk overfører innhald munnleg, brukast nemninga omsetjar eller translatør på ein person som overfører innhald skriftleg frå eitt språk til eit anna. Dette er rekna som to ulike profesjonar, og ein statsautorisert translatør kan ikkje nødvendigvis nytte denne tittelen i samband med tolking.

Ein døvetolk på ein jazzkonsert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]