Tollar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikanske tollarar går om bord på eit skip for å kontrollera lasta.
Nederlandske tollarar i arbeid.

Tollar er eit yrke der ein krev inn toll og hindrar smugling. Tollarar kan rekna ut toll på varer og kontrollera frakt og personar for tollvarer og ulovleg vareinnførsel, særleg i samband med grensepasseringar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Tollarutdanning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei som vil ha arbeid som tollar, må søkja om opptak som tollaspirant. Aspirantar i Toll- og avgiftsetaten må gjennomgå etatsopplæring med teori og praksis gjennom to år. Etter gjennomført og godkjend aspiranttid, vi dei få opprykk til tollbetjent og sidan til tollinspektør. Delar av utdanninga vert lagd til Tollskolen i Oslo. Tollaspirantane får lønn under utdanninga, men har to års pliktteneste etter fullført utdanning.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tollarar i bibelsk tid[endre | endre wikiteksten]

I Romarriket var det toll på varetransport og ferdsle, og romarane kravde toll av kjøpmenn og andre som kryssa grenser, byportar og bruer. Dei pakta oppgåva å krevje inn toll til tollmenn. Desse vart ofte freista til å ta inn større toll enn dei hadde rett til, for slik å auka si eiga forteneste. Jødar som gjekk i teneste hjå dei heidne makthavarane ved å ta på seg slitt arbeid, vart haldne for ureine og jamstilte med openberre syndarar. Jesus gjorde eit poeng av å vera i lag med «tollarar og syndarar».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]