Tolmatsjovy-systrene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tolmatsjovy-systrene

Tolmatsjovy-systrene i 2006
Opphav Kursk i Russland
Medlemmer
Anastasija Tolmatsjovy
Marija Tolmatsjovy

Tolmatsjovy-systrene er ein duo sett saman av tvillingsystrene Anastasija og Marija Tolmatsjovy frå Kursk i Russland. Systrene vart fødd 14. januar 1997.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Under deltakingane i Eurovision har dei brukt det engelske namnet Tolmachevy Sisters.

Junior Eurovision Song Contest 2006[endre | endre wikiteksten]

Tolmatsjovy-systrene vart valt til å representere Russland i Junior Eurovision Song Contest 2006 i Bucureşti i Romania. Dei deltok med songen «Vesennij dzjaz», som dei framførde på russisk. Bidraget vann med 154 poeng; tolv frå Kviterussland, Belgia, Kroatia, Romania, Serbia, Sverige og Ukraina, ti frå Kypros, Hellas, Portugal, Spania og Nederland og fire frå Makedonia og Malta. I tillegg fekk kvart land tolv bonuspoeng slik at ingen skulle stå att med null poeng.

Eurovision Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

I 2009 var systrene var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva i heimlandet Russland.

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

Tolmatsjovy-systrene vart valt internt til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Dei vil delta med songen «Shine», som vil verte framførd på engelsk. Songen er skriven av Philipp Kirkorov, Dimítris Kontópoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]