Heilagetrekongarsaftan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tolvte dag jul)
Cavalcada dels Reis, kongeopptog i Valencia den 5. januar 2006.
Foto: Adelheid Bischoff

Heilagetrekongarsaftan eller tolvte dag jul den 5. januar er kvelden før heilagetrekongarsdag, som er til minne om korleis Heilage tre kongar i følgje tradisjonen vitja Jesusbarnet. Han er den siste av dei tolv juledagane i fleire kyrkjer.

I New Orleans er heilagetrekongarsaftan byrjinga på karnevalet.

I spansk tradisjon er dette «julekvelden» då ein held selskap, set ut mat til dei tre kongane og gjev gåver. I katolske område generelt markerer 5. og 6. januar overgangen frå jul til karnevalstida. Også andre stader kan heilagetrekongarsaftan vera ei avsluttingfeiring av jula.

Kyrkjeleg bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skildringa av korleis «nokre vismenn» vitja Jesusbarnet står i Matteus-evangeliet.[1] Tradisjonar om at dei er tre kongar kalla Kaspar, Baltasar og Melkior er komne til seinare. Vitjingsdagen deira er blitt minna den 6. januar frå om lag 300-talet i den vestlege kyrkja. Austlege kristne feira sjølve fødselen til Jesus den 6. januar. Seinare blei tidsrommet mellom juledag 25. desember og heilagetrekongarsdag den 6. januar ei eiga høgtid, dodekahemeron.

I den austleg-ortodokse kyrkja er denne dagen innleiinga til den viktige høgtida theophania, 'Gudsframsyninga'. Dagen er kjend som paramoun (gresk) eller navechérie (slavonisk) og observert som ein streng fastedag, der ein ikkje et før den første stjerna er synleg om kvelden. Han blir halden den 5. januar, men i kyrkjer som framleis følgjer den julianske kalenderen blir dette den 18. januar i den gregorianske.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

«Fest des Bohnenkönigs» av Jacob Jordaens, 1640-talet.
Låvedans på heilagetrekongarsaftan i England på 1800-talet.

Tolvte dag jul kan feirast med festar av ulike typar. Julepynt som inneheld mat, som julekransar og juletrepynt, kan etast som del av feiringa.

Ein kan nytta dagen til å laga eller kjøpa særskilde «kongekaker» til feiringa. Kakene kan vera laga med nøtter, sjokolade og nougat, ofte vera fargerike, og inneheld gjerne ei eller to bønner eller figurar som viser til soga om kongane. Den som finn ein slik skjult gåve kan bli konge eller dronning for feiringa, eller få æra av å skaffa neste års kake.

Fleire stader held ein opptog eller vandringar frå hus til hus. Nokre få stader i Danmark held ein Hellig Tre Kongers løb, til dømes på Agersø, der utkledde barn og vaksne går julebukk denne dagen. Ein britisk tradisjon er å laga wassail, ein slags punsj, og utføra wassailing—opptog der ein syng etter mat og drikke, eller ein signer frukttre med song og drikke.

Ulike skikkar der ein skal skremma vekk vonde makter finst også. Frå aust i Alpane kjenner ein til dømes skikken Berchtenlaufen, der hundretals unge menn med masker spring rundt i gata med piskar og bjøller for å driva ut vonde ånder.[2]

I spansktalande land er det heilage tre kongar som gjev julegåver, ikkje nissen. Barn vil ofte setja ut høy og vatn til kongane sine ridedyr, og ein pussar skor og set dei fram til å få gåver oppi.

Kvelden kan også markerast med lys, som å tenna juletrelysa ein siste gong. Ein kan tenna tre stearinlys, eitt for kvar konge, eller eit trearma helligtrekongarslys. Når lyset er brunne ned, er jula over.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Heilagetrekongarsaftan er kjend som Twelfth Night på engelsk. Tradisjonen har gjeve namn til Shakespeare-skodespelet Twelfth Night, som truleg blei skrive for å framførast i julehøgtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matt. Kap 2:1-12[daud lenkje]
  2. Miles, Clement A. Christmas Customs and Traditions: Their History and Significance. Courier Dover Publications, 1976. ISBN 0486233545 (etter Engelsk Wikipedia)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heilagetrekongarsaftan