Tom Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Lund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1950 (73 år)
Lillestrøm
Idrett fotball
Utmerkingar

Akershus fylkes kulturpris, Sportsjournalistenes statuett

Tom Arne Lund (fødd 10. september 1950 på Lillestrøm) er ein norsk tidlegare fotballspelar og -trenar. I alle år som aktiv spela han for Lillestrøm SK. Han var den beste spelaren då klubben i 1977 vann både serien og cupen. I sine år for LSK vann han sereigull to gongar og vart norsk meister tre gongar. Lund, som spela 47 landskampar for Noreg, la etter 1982-sesongen. I 1981 kåra norske sportsjournalistar han til «Årets idrettsnamn» i Noreg.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Lund fekk sitt gjennombrot i Lillestrøm i 1968. Han fekk sin fyrste landskamp for Noreg i 1971, trass i at Lillestrøm spela i 3. divisjon.

Hausten 1973 rykte Lillestrøm opp i 2. divisjon. Året etter vann klubben avdelinga si med god margin, og rykte opp til 1. divisjon. Lund blei kåra til Noregs beste fotballspelar denne sesongen. I 1976 vart Lillestrøm SK seriemeister, året etter vann LSK både serien og cupen. Klubben vann deretter cupen i 1978 og 1981.

Gjennom 14 sesongar i Lillestrøm spelte Lund 336 offisielle kampar og laga 193 mål. Han bidrog til at klubben sikra seg to seriegull og tre cuppokalar. Lund spela 47 kampar på landslaget og skåra 12 mål. Høgdepunktet opplevde han då han hausten 1981 på Ullevål stadion skåra utlikningsmålet mot England, i ein kamp som enda med norsk siger 2-1.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1985 til -88, samt i 1990, var Lund trenar for Lillestrøm SK. Gjennom åra som trenar leia han klubben til NM-gull i 1985 og seriegull i 1986.

I 1989 vart reist ein statue av Lund utanfor Åråsen stadion, heimebanen til Lillestrøm Sportsklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]