Tomáš Rosický

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tomáš Rosický
Fødd 4. oktober 1980
Fødestad Praha
Tomáš Rosický
Foto: Northwood09

Tomáš Rosický (fødd 4. oktober 1980 i Praha) er ein tsjekkisk fotballspelar. Han spelar no i Premier League-klubben Arsenal.

Klubbkarrieren[endre | endre wikiteksten]

Rosický starta karrieren hjå Sparta Praha i 1998. Med klubben vann han tre ligameisterskapar. I 2001 gjekk han til Borussia Dortmund, og hjelpte klubben til ein Bundesligatittel i 2002, og kom til UEFA-cupfinalen (der Dortmund tapte 3-2 for Feyenoord) same sesong. I alt spelte han nesten 150 Bundesliga-kampar for Dortmund, og 23 kamper i Champions League og UEFA-cupen.

23. mai 2006, bekrefta Arsenal at dei hadde sikra seg underskrifta til Rosický.

Landslagskarrieren[endre | endre wikiteksten]

Rosický debuterte på landslaget til Tsjekkia i 2000, berre 19 år gammal, og står no (juni 2006) med over 50 landskampar. Han spelte i EM 2000 og EM 2004, og var med på å sikre Tsjekkia ein plass i sluttspelet i VM 2006. Han scora mellom anna vinnermåla i det andre oppgjeret i playoff-oppgjeret mot Noreg.

Mandag 12. juni 2006, i den fyrste VM-kampen til Tsjekkia mot USA, scora han to mål, det fyrste på eit langskot frå nesten 30 meter.