Tom Clancy
Thomas Leo Clancy Jr (fødd 12. april 1947) skriv under namnet Tom Clancy og er ein amerikansk forfattar, kjend for sine politiske og militære spenningsromanar frå den kalde krigen.
Biografi [endre]
Clancy vart fødd i Baltimore. Han studerte engelsk litteratur ved Loyola College der han fullførte i 1969. I newsgruppa alt.books.tom-clancy fortalde han at han studerte litteratur av di han ikkje var smart nok til å studere fysikk. Før han debuterte som forfattar jobba han ei stund i forsikringsbransjen.
Jakten på «Rød Oktober» er Tom Clancys debutroman. Den er ei av mange bøker som har vorten filmatisert. Han grunnla og selskapet Red Storm Entertainment, som har produsert ei rekkje dataspel med Tom Clancy sitt namn.
Etter åtaket 11. september vartil manges overrasking Tom Clancy blant dei som forsvara islam. Han har og stild seg kritisk til den amerikanske krigen mot Irak.