Tom Hilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Hilde


Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1987 (36 år)
Bærum kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Tom Andre Hilde (fødd 22. september 1987) er ein norsk skihoppar frå Asker. Han vart norsk meister i normalbakken i 2013 og har vunne fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar med det norske hopplandslaget åra 2007-11. Hilde er medlem i Asker Skiklubb.

Aktiv skihoppar[endre | endre wikiteksten]

Hilde fekk sitt store gjennombrot i hoppbakken i 2008-sesongen. Då vann han to renn i verdscupen, den tredje sigeren i verdscuprenn kom i 2011. Fire gongar i perioden 2007-11 har han vore med å vinne sølvmedaljar for Noreg i lagtevlingar under verdsmeisterskapane, han var og med i kvartetten som vann bronsemedaljar under Vinter-OL 2010. Også i lagtvlinga under skiflygings-VM 2008 var han med å vinne bronsemedaljar. Femteplassen i normalbakken i VM 2011 er hans beste individuelle plassering i internasjonale meisterskap. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 2010/11. Vinteren 2013 kneip han gullmedaljen i noregsmeisterskapen i normalbakken i Rena, framom Anders Fannemel.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007 Sapporo: Nr 12 i storbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Roar Ljøkelsøy, Anders Bardal og Anders Jacobsen.
  • VM 2009 Liberec: Nr 16 i normalbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Anders Bardal, Johan Remen Evensen og Anders Jacobsen.
  • OL 2010 Vancouver: Nr 11 og 12 i dei to renna. Med på bronselaget, som bestod av dei same fire som i VM året før.
  • VM 2011 Oslo: Nr 5 i normalbakken og 10 i storbakken. Han var saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen med på begge sølvlaga. Bjørn Einar Romøren var den fjerde på laget i normalbakken. I storbakken var Johan Remen Evensen den fjerde norske hopparen.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar