Tom Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kombinertløparen. For fotografen, sjå fotografen Tom Sandberg.
Tom Sandberg
Fødd 6. august 1955 (59 år), Mo i Rana Flag of Norway.svg Noreg
Medaljeoversikt
Tevla for Flag of Norway.svg Noreg
Kombinert menn
OL
Gull 1984 Sarajevo K90/15 km
Verdsmeisterskap
Gull 1982 Oslo K90/15 km
Gull 1984 Rovaniemi K90/3x10 km
Sølv 1982 Oslo K90/3x10 km
Verdscupen samanlagt
Gull 1984

Tom Sandberg (fødd 6. august 1955 i Mo i Rana) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Han vart verdsmeister i øvinga i 1982, og olympisk meister i same i 1984, vinnar av verdscupen i kombinert i 1984, dessutan verdsmeister i lagtevling i kombinert i 1984. Sandberg vann ni av ti norske meisterskap i kombinert i tiårsperioden 1975-84. Han representerte Mo Skilag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sandberg slo gjennom allereie som 18-åring då han vann kombinertrennet i Holmenkollen i 1974, same året fekk han sølv i junior-EM. Året etter vart han europameister for junior i Lieto og tok sitt fyrste av i alt ni senior-noregsmeisterskap i øvinga, med god margin til toaren Pål Schjetne.

I sin OL-debut i 1976 vart Sandberg nummer åtte i Innsbruck og beste nordmann. Same sesongen vart han nummer to i både Lahti og Svenska skidspelen, begge gongane slått av den sterke finnen Rauno Miettinen. Åra 1977-79 heldt han fram med å kome på pallen i dei store nordiske kombinerttevlingane, utan å gå heilt til topps.

Sandberg vart nummer fire under OL i Lake Placid. Under VM i Oslo i 1982 vann han den individuelle tevlinga etter ein spennande sluttspurt, der han kom i mål berre 0,2 sekundar framom Konrad Winkler, og 0,9 sekunder føre Uwe Dotzauer, begge frå Aust-Tyskland. I lagtevlinga kom Noreg på bronseplass, for laget tevla Hallstein Bøgseth, Espen Andersen og Sandberg.

Sandbergs store jubelår var 1984, då han vart olympisk meister i Sarajevo. Ein månad etter leikane sikra han Noreg VM-gull i lagtevlinga i kombinert i Rovaniemi, saman med Geir Andersen og Hallstein Bøgseth. Den same sesongen sigra Sandberg i verdscupen, fyrste sesongen verdscupen i kombinert vart arrangert.

Sandberg vart tildelt 'Nordland fylkes kulturpris' og Morgenbladets Gullmedalje i 1984. Tidlegare hadde han fått Olavstatuetten i 1982 og Holmenkollmedaljen i 1983.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Vinnar i Holmenkollen
  • 1975: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1976: Nr 2 i Falun og i Lahti, nr 3 i Holmenkollen. Nr 8 i vinter-OL i Innsbruck
  • 1977: Nr 3 i Falun
  • 1978: Nr 2 i Falun og nr 3 i Holmenkollen. Nr 7 ski-VM i Lahti
  • 1979: Nr 2 i Falun
  • 1980: Nr 4 i vinter-OL i Lake Placid
  • 1981: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1982: Gullmedalje under ski-VM i Holmenkollen, bronse i lagtevlinga
  • 1983: Nr 2 både i Lahti og i Holmenkollen.
  • 1984: Gullmedalje under vinter-OL i Sarajevo, verdscupsiger i Štrbské pleso, nr 2 både i Falun og i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]