Tom Tvedt
Tom Tvedt (fødd 1968) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.
I perioden 1999–2007 var han ordførar i Randaberg kommune. Til fylkestingsvalet i 2007 var han Arbeidarpartiets kandidat til vervet som fylkesordførar samtidig som han framleis stilte til val som ordførar i Randaberg. Arbeidarpartiet gjorde eit godt val og vart det største partiet i fylkestinget i Rogaland fylke. Med støtte frå sentrumspartia og SV vart Tvedt Arbeidarpartiets fyrste fylkesordførar i Rogaland.[1]
Tvedt har ein brei yrkesbakgrunn. Han har mellom anna vore salssjef i Tybring-Gjedde og har dessutan ein karriere som handballspelar i SIF og for det norske landslaget for menn i handball, der han står bokført med 25 landskampar. På Idrettstinget 2011 vart han valt inn som styremedlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité for perioden 2011–2015.[2]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tom Tvedt» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- SIF håndball Tom Tvedt med 25 landskamper.
- Næringslivsmagasinet om Tom Tvedt
Referansar[endre]
- ↑ Nye koster, ny politikk. Aftenbladet.no (14. september 2007). Vitja 16. september 2007.
- ↑ Om idrettstyret 2011–2015 www.idrett.no Vitja 28. sep 2011.
| Føregjengar Roald G. Bergsaker |
Fylkesordførar i Rogaland 2007 |
Etterfylgjar |
| Føregjengar |
Ordførar i Randaberg kommune 1999–2007 |
Etterfylgjar Tone Tvedt Nybø |