Tomaso Albinoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tomaso Albinoni
Albinoni.jpg
Fødd 8. juni 1671, Venezia i Italia
Død 17. januar 1751 (79 år), Venezia
Periode Barokken
Sjanger Orkester, solokonsert
Aktive år 1694-1740
Yrke Komponist

Tomaso Giovanni Albinoni (fødd 8. juni 1671 i Venezia, død 17. januar 1751 i Venezia) var ein venetiansk barokkomponist. Han var kjend i sine dagar for operaene sine, men vert i dag hovudsakleg hugsa for den instrumentale musikken, som ofte vert spelt framleis.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var son til Antonio Albinoni, ein rik papirkjøpmann i Venezia, og han studere fiolin og song. Ein veit relativt lite om livet hans, særleg med tanke på at vart ein stor komponist og at perioden elles er veldokumentert. I 1694 tileigna han sin Opus 1 til venetianaren kardinal Pietro Ottoboni (grandnevøen til pave Aleksander VIII). Ottoboni var ein viktig støttespelar for andre komponistar i Roma, som Arcangelo Corelli. Albinoni var kanskje tilsett som fiolinist i 1700 hos hertug Karl IV av Mantua, som han tileigna Opus 2-samlinga si av instrumentale stykke til. I 1701 skreiv han dei særs populære suitane Opus 3 og tileigna samlinga til storhertug Cosimo III de' Medici av Toscana.

I 1705 var han gift. Antonino Biffi, maestro di cappella i Markuskyrkja i Venezia var vitne og truleg derfor ein ven av Albinoni. Albinoni ser elles ikkje ut til å ha noko samband med det store musikkmiljøet i Venezia, og vart i si tid kjend som operakomponist i mange italienske byar, mellom anna Venezia, Genova, Bologna, Mantua, Udine, Piacenza og Napoli. I løpet av denne tida komponerte han òg store mengder instrumental musikk. Før 1705 skreiv han hovudsakleg triosonater og fiolinkonsertar, men mellom då og 1719 skreiv han òg solosonater og konsertar for obo.

I motsetnad til dei fleste komponistane på denne tida, ser han ikkje ut til å ha hatt postar ved kyrkjer eller adelege hoff, men var ein sjølvstendig mann og hadde høve til å komponere musikk sjølvstendig. I 1722 inviterte kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern, som Albinoni hadde tileigna tolv konsertstykker til, han til å regissere to av operaene hans i München.

Rundt 1740 vart ei samlinga av fiolinsonatane til Albinoni publiserte i Frankrike som eit posthumt verk, og forskarar trudde lenge at det betydde at Albinoni hadde døydd på denne tida. Men det ser ut til at han framleis levde eit gøymd liv i Venezia. Kyrkjedokument frå soknet San Barnaba indikerer at Tomaso Albinoni døydde i 1751 av diabetes.

Musikk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Han skreiv om lag femti operaer, og 28 av desse vart produserte i Venezia mellom 1723 og 1740. I dag er han derimot mest kjend for dei instrumentale stykka sine, særleg obokonsertane. Han vert rekna for å vere den første italienske komponisten som nytta obo som soloinstrument i konsertar (kring 1715 kom 12 concerti a cinque, op. 7) og den første komponisten i verda som publiserte slike verk. Truleg skreiv tyske komponistar som Telemann eller Händel slike verk før han, men desse vart ikkje publiserte. I Italia gav Alessandro Marcello ut ein velkjend obokonsert i D-moll noko seinare, i 1717.

Den instrumentale musikken hans fekk mykje merksemd frå Johann Sebastian Bach, som skreiv minst to fuger til Albinoni sine tema, og stadig nytta bassane hans for harmoniøvingar for studentane sine.

Delar av arbeidet til Albinoni gjekk tapt i den andre verdskrigenDresden statsbibliotek vart øydelagd, så lite er kjend om livet og musikken hans etter midten av 1720-åra.

Adagio i G-moll er eit verk som vart komponert av Remo Giazotto, men som Giazotto claimed hevda er basert på delar av ein langsam sats av ein triosonate av Albinoni, som han hadde fått tilsendt frå Dresden statsbibliotek.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sjå Musikkverk av Tomaso Albinoni og Operaer av Albinoni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brev frå Sachsen statsbibliotek, 24. september 1990, reprodusert av Wulf Dieter Lugert og Volker Schütz, „Adagio à la Albinoni“, Praxis des Musikunterrichts 53 (Februar 1998), s. 13–22, her 15.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]