Tommy Ingebrigtsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tommy Ingebrigtsen (fødd 8. august 1977) er ein norsk skihoppar som representerer Byåsen IL. Han vart verdsmeister i storbakken i Thunder Bay i 1995, da han var berre 17 år gammal — éin månad før vart han juniorverdsmeister. Dette året vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje.

I 2004 hadde Ingebrigtsen ein heller dårleg sesong då han berre fekk tre plasseringar blant dei ti beste i verdscupen. I Vinter-OL 2006 var han med på det norske laget som tok bronse i laghopping, saman med Lars Bystøl, Bjørn Einar Romøren og Roar Ljøkelsøy.

Artisten Dag Ingebrigtsen er far åt Tommy.


Meritt (pr. 14. januar 2007)[endre | endre wikiteksten]

OL

  • Bronsemedalje i laghopp stor bakke frå Pragelato, Italia under Vinter-OL 2006.

VM i skiflyging

  • Gull i laghopp, skiflyging frå Kulm, Austerrike i januar 2006.
  • Gull i laghopp, skiflyging frå Planica, Slovenia i februar 2004.

Ski-VM: Hopp

  • VM-gull frå storbakke i Thunder Bay, Canada i mars 1995.
  • VM-sølv frå normalbakke i Val di Fiemme, Italia i februar 2003.
  • VM-bronse frå laghopp i storbakke i Val di Fiemme, Italia i februar 2003.

'FIS verdscup

  • 3 andreplassar
  • 4 tredjeplassar

Kontinentalcup

  • 5. plass frå Titisee-Neustadt, Tyskland i januar 2003.

Grand Prix

  • 1. plass i laghopp frå storbakke i Zakopane, Polen i september 2004.

Junior-VM: Hopp

  • Juniorverdsmeister frå normalbakke i Gaellivare, Sverige i mars 1995.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]