Tommy Urhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Urhaug


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1980 (43 år)
Bergen
Idrett bordtennis
Tok del i

Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske sommarleikar 2008

Utmerkingar

Regjeringens paralympiske ærespris

Tommy Urhaug (fødd 16. juni 1980) er Noregs fremste funksjonshemma bordtennisspelar og ein av verdas beste i sin klasse. Han kjem frå Manger i Radøy kommune. Han har 4 VM-gull, 1 VM-bronse, 6 EM-gull og 1 EM-sølv og to femteplassar frå Paralympics frå Athen og Sydney. Urhaug spelar for Stord Bordtennisklubb.

Tommy Urhaug er fødd med ein funksjonsfeil og sit difor i rullestol. Han er likevel ein av Noregs beste spelarar i klassen for funksjonsfriske, og han er på verdsrankinga over dei funksjonsfriske. Urhaug har fått prisen for Årets funksjonshemma idrettsutøvar i Noreg under Idrettsgallaen 3 gonger, i 2002, 2007 og 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]