Tomorrow is a Long Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tomorrow Is a Long Time
Song av Bob Dylan
frå albumet Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
Utgjeve 1971
Innspelt 12. april 1963, Town Hall i New York City
Sjanger Folk
Lengd 3:01
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan

«Tomorrow Is a Long Time» er ein song av Bob Dylan frå 1963. Songen vart først gjeven ut på samlealbumet Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, som kom ut i 1971.[1]

Utgåva som finst på plate er ei konsertinnspeling frå den kjende Town Hall Concert i New York City, 12. april 1963.[2] Utgåva vart òg gjeven ut på den sjeldne trippel-LP-samlinga Masterpieces (1978).[3]

Ein demo av «Tomorrow Is a Long Time» vart spelt inn i New York City i desember 1962[4] som ein del av «The Witmark Demos», ei innspeling som har eksistert på piratopptak i mange år. Sjølv om andre songar frå same innspelinga er gjevne ut offisielt, er dette opptaket framleis berre tilgjengeleg på piratopptak.

Dylan framførte òg songen på Skip Weshner Show (WBAI Studios) i New York City i februar 1963.[5]

Ei anna utgåve av same song vart spelt inn under innspelinga av albumet New Morning i Studio E, Columbia Recording Studio, New York City, 4. juni 1970. Produsent var Bob Johnston.[6] Denne utgåva finst òg på piratopptak.

Fleire utgåver av songen vart gjeven ut før Dylan si Town Hall-innspeling. Ian and Sylvia spelte inn songen på plate i 1964 og Odetta inkluderte han på albumet Odetta Sings Dylan i 1965.

Elvis Presley spelte inn sin versjon i RCA Studio B i Nashville, 26. mai 1966.[7] Songen vart gjeven ut på filmmusikken til spelefilmen Spinout (RCA Victor LSP 3702 (stereo) og RCA Victor LPM 3702 (mono)) 31. oktober 1966.[8] Produsent var Felton Jarvis.[9] Dylan sa at dette var hans favoritt-coverversjon av alle songane hans.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Randi Hansen har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Hvor godt det vart å våkne». Songen vart gjeven ut av Hansen på albumet Ho Randi (NorDisc NORLP 404) i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]