Tomrefjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Tomra er omdirigert hit. For panteautomatprodusenten, sjå Tomra Systems
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Vestnes | |
| Fylke | Møre og Romsdal | |
| Folkemengd[1] | 1 161 (2012) | |
| Folketettleik | 734,8 /km² | |
| Areal[1] | 1,58 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 661 | |
| Postnummer | 6393 TOMREFJORD | |
Tomrefjord er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har 1 161 innbyggjarar (2012) og ligg på austsida av Tomrefjorden.
Bygda er base for messingkorpset Tomra Brass Band.
Tomrefjord er fødestaden til Bjørn Rune Gjelsten, og den største avdelinga til STX Europe i Noreg (Langsten), eit av dei mest moderne skipsverfta i verda. Over fjorden ligg eit anna, noko mindre verft kalla Havyard Tomrefjord.
Friluftsliv og frivillige lag og organisasjonar er representert med et mangfald i bygda. Berre nokre kilometer opp frå bygda er det mange mil med langrennsløyper, varmestover og lysløype. Desse løypene er mykje brukt om vinteren både av Romsdalsbygda og nabobygdene på Sunnmøre.
Innhaldsliste |
Bakgrunnsstoff [endre]
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Tomrefjord» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2008.