Tomsk

Koordinatar: 56°30′N 84°58′E / 56.500°N 84.967°E / 56.500; 84.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tomsk
Томск
Horisonten til Tomsk
Horisonten til Tomsk
Flagget til Tomsk Byåpenet til Tomsk
Flagget til Tomsk Byvåpenet til Tomsk


Plassering
Tomsk is located in Russland
Tomsk is located in Tomsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tomsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
7. august 1604
1782
Borgarmeister Aleksander Makarov
Geografi
Flatevidd
 - By

294,6 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

493 000
  1 673,5 /km²
Koordinatar 56°30′N 84°58′E / 56.500°N 84.967°E / 56.500; 84.967
Høgd over havet 110 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 634xxx
Retningsnummer (tlf) 3822
Bilnummer 70
Nettstad: www.admin.tomsk.ru

Tomsk (russisk Томск) er ein by i Sibir i Russland med 483 800 innbyggjarar (2002). Byen er hovudstad i Tomsk oblast. Byen vart grunnlagd ved elva Tom i år 1604 og er ein av dei eldste byane i Sibir. Den transsibirske jarnvegen går gjennom området, og har stasjon i Tomsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tomsk vart grunnlagd i 1604 etter ein resolusjon frå tsar Boris Godunov. Han sende 200 kosakkar under Vasilij Tyrkov og Gavriil Pisemskij sin kommando for å konstruere festninga ved breidda av Tom. Ein leiar for urinnbyggjarane i område aksepterte den russiske kontrollen og avstod landområde til tsaren.[1]

I 1804 vart Tomsk vald som administrastivt senter i eit nytt gubernija som inkluderte dei moderne byane Novosibirsk, Kemerovo, Krasnojarsk og austlege område av Kasakhstan. Denne statusen førte til utvikling av byen og han voks raskt.[1]

I 1830 vart det oppdaga gull i nærleiken, som førte til vidare utvikling av Tomsk på 1800-talet. Men det var likevel først då den transsibirske jernbanen kom til byen i staden for landsbyen Novonikolajevka (i dag Novosibirsk), at utviklinga byrja å flytte seg sørover for å knyte seg til jernbanen. Med tida skulle Novosibirsk ta igjen Tomsk som den viktigaste byen.

På midten av 1800-talet var ein femtedel av innbyggjarane personar som vart sende dit i eksil. Etter nokre år oppstod byen som eit utdanningssenter i Stibir og Tomsk statlege universitet og Tomsk polytekniske universitet vart bygd. Då den andre verdskrigen starta var ein tolvtedel av innbyggjarane studentar.[1] Av den grunn er Tomsk vorte kalla «Sibirsk Aten».

Etter oktoberrevolusjonen vart byen eit senter for den kvite rørsla leia av mellom andre Anatoly Pepeljajev og Maria Botsjkareva. Etter at byen vart erobra av den raude arméen vart Tomsk innlemma i regionen Vest-Sibir, og seinare Novosibirsk oblast.

Som med mange sibirske byar vart mange fabrikkar flytta hit under den tyske invasjonen under den andre verdskrigen. Dei sovjetiske styresmaktene oppretta så Tomsk oblast med Tomsk som administrasjonssstad.[1] Byen var lukka for utlendingar fram til 1991. Då han opna vart den første amerikanarane som vitja byen, Gary Barnes, arrestert og kasta ut etter fem dagar for eit uspesifisert brot på ei bylov. Det tok tre år før andre amerikanarar fekk løyve til å vitje byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 General Information about Tomsk, Kommersant Daily, arkivert frå originalen 7. februar 2007, henta 15. november 2008