Tonalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

mTonalitet er eit system av tilhøve mellom tonar i eit tonesystem der éin bestemt tone er framheva som grunntone eller sentraltone (tonalt sentrum) som dei øvrige tonane står i eit nærare eller fjernare forhold til. Musikk som er komponert etter slike relasjonar mellom tonar vert rekna som tonal.

Sidan 1600-talet har tonalitet i vestleg musikk normalt vore dur/moll-tonal musikk. Tonalt sentrum er her treklangen på første trinnet i den skalaen komponisten har valt for komposisjonen sin. Denne treklangen vert kalla tonika. For ein komposisjon i E-dur er det til dømes E-dur-treklangen som er tonika. Alle andre akkordar i komposisjonen vert bygt hierarkisk rundt tonikaen. Dette tyder at kvar akkord har ei bestemt rolle - ein funksjon - i forhold til tonikaen, og ei bestemt rolle i forhold til dei akkordane som går føre eller følgjer etter han. Det vert skild mellom hovudfunksjonar (tonika, subdominant og dominant) og bifunksjonar (mediant og submediant).[1] I andre land nyttar ein delvis andre omgrep til bifunksjonane.

Frå 1800-talet blei verkemiddel som kromatikk og kjappe og fjerne modulasjonar med på å utvida tonaliteten uten at musikken blei atonal. Franz Liszt og Richard Wagner var nokre av dei første komponistane som rokka ved tonaliteten gjennom bruk av kromatikk, uoppløyste dissonerande akkordar og modulasjonar til fjerntliggjande toneartar. Claude Debussy bidrog til å utfordra grensene for tonaliteten gjennom symmetriske samklangar og leietonelause kadensar.

På 1900-tallet blei tonalitetomgrepet ofte knytt til personlege komposisjonsteknikkar utvikla av til dømes Arnold Schönberg, Igor Stravinskij og Darius Milhaud. Paul Hindemith «beviste» den naturgjevne styrken til tonaliteten gjennom skrift og musikk i eit hierarkisk, akustisk system. Olivier Messiaen fornya dei ulike tonalitet-verkemidla gjennom såkalla modi med avgrenspa transposisjonsmuligheiter der nymodaliteten sameinte verkemidla til tonalitet og modalitet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bekkevold, Lisa: Harmonilære og harmonisk analyse. Oslo 1988
  • Benward, Bruce; Marilyn Nadine Saker: Music in Theory og Practice. 1 (7th ed.), New York 2002
  • Distler, Hugo: Funktionelle Harmonielehre. Kassel 1951
  • Hindemith, Paul: The Craft of Musical Composition. London og New York 1941-42
  • Rameau, Jean-Philippe: Traité dei l’harmonie reduite à ses principes naturels, Paris 1722PDF-fil
  • Reger, Max: Beiträge zur Modulationslehre. Leipzig 1903
  • Riemann, Hugo: Vereinfachte Harmonielehre, London und New York 1893
  • Schönberg, Arnold: Harmonielehre, Wien 1922
  • Tsjaikovskij, Pjotr I.: Guide to the Practical Study of Harmony. Leipzig 1900 PDF-fil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tveit, Sigvald (2008): Harmonilære fra en ny innfallsvinkel. Oslo: Universitetsforlaget