Tonbridge

Koordinatar: 51°12′N 0°17′E / 51.200°N 0.283°E / 51.200; 0.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tonbridge

Tonbridge Castle
Tonbridge Castle
Tonbridge Castle
Plassering
Tonbridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Tonbridge and Malling
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

30 340
Koordinatar 51°12′N 0°17′E / 51.200°N 0.283°E / 51.200; 0.283
Diverse annan informasjon
Postnummer TN9 (North-South), TN10 (North East), TN11 (East),
TN12 (Rural)
Telefon-retningsnummer 0 1732
Commons har multimedium som gjeld: Tonbridge

Tonbridge er ein marknadsby i Kent i England. Byen høyrer til distriktet Tonbridge and Malling, og ligg ved elva Medway. Byen har lenge heldt seg på den nordlege sidan av elva, ettersom sørsida er meir utsett for flaum. Dette synast i at ein av bydelane heiter Dryhill («Tørråsen»).

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Tonbridge vart skriven ned i Domesday Book som Tonebridge, noko som tyder på at det var ei bru der som høyrte til ein herregard (gammalengelsk tun), eller ei bru som høyrte til ein mann ved namn Tunna, som var eit vanleg angelsaksisk namn. Ein veit i alle fall at det var ei bru over elva der frå angelsaksisk tid.

Seinare vart namnet skriven Tunbridge. Det var under denne forma det gav namn til ein nyare by i nærleiken, Tunbridge Wells, som voks opp rundt ei mineralvasskjelde. Mot slutten av 1800-talet var postverket lei av mistydingar, og fekk gjennom at namnet skulle skiftast tilbake til den gamle skrivemåten Tonbridge. Det er likevel framleis ein del forvirring rundt namna; blant passasjerar med toget mellom London og Hastings er det stadig nokon som oppdagar dette når dei går av i feil by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I angelsaksisk tid ser det ut til at Tonbridge var lite anna enn ein landsby ved ei bru, kanskje med ein liten marknad.

1000-talet bygde Richard Fitzgilbert, ein adelsmann som hadde vore med i invasjonsstyrken til Vilhelm Erobraren eit slott på staden. Etter Vilhelm Erobraren døydde svor slottsherren truskap til den yngre sonen til Vilhelm, Robert Curthose, og ikkje til Vilhelm Rufus. Den nye kongen omleira derfor byen.

Under striden til kong Johan uten land med baronane vart slottet inntatt av styrkane til kongen. Det vart så kringsett av prins Edvard, Henrik IIIs son. Den kringsette garnisonen valde å brenne slottet framfor å la fienden ta det intakt.

Både byen og slottet vart gjenoppbygd og på 1200-talet vart slottet ein offisiell residens og arkivstad for Edvard II. Det var meininga å bygge bymurar, men det skjedde aldri, truleg fordi ringmuren til slottet var stor nok til at heile folkesetnaden fekk plass innanfor. Det vart anlagt ei vollgrav, som det berre finst små rester av.

Det historiske sentrumet i byen har mange bygningar frå 1400-talet. Den private guteskulen Tonbridge School vart grunnlagt i sentrum i 1553. Under borgarkrigen stod byen på parlamentarianarane si side, og rojalistane prøvde på å innta byen, men vart slått tilbake. Han vart derfor ikkje plyndra, og mange bygningar har overlevd.

I 1740 vart Medway mudra opp slik at ho var seglbar fram til Tonbridge. Dette gjorde at ein kunne frakte lokale produkt, som humle og tømmer til Maidstone og London. Fleire verft vart oppretta, og nedanfor brua finst framleis synlege restar etter nokre av dei. Byen vart seinare kjent for produksjon av fine treskap, skrin og anna, kjent som Tunbridgeware. Eit anna produkt Tonbridge er kjent for er cricketballer.

Byen har framleis ein månadleg jordbruksmarknad. Elles er viktige næringsvegar lett industri og servicebedrifter.

Tonbridge er eit viktig jernbaneknutepunkt, med linjer til London, Ashford, Hastings og Redhill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]