Tonespråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tone (fonologi))

Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon.

Kartet viser kvar joruba blir tala.

Eit døme på tonespråk er det vestafrikanske språket joruba, som har ord som dei nedanfor, der tonen stavingane blir uttala med, er det einaste som skil orda frå kvarandre. Alle tre orda kan skrivast [ag͡bɔ̃] i ein IPA-transkripsjon utan tonar.

Ortografi Tyding Tone på 1. staving
a
Tone på 2. staving
gbọn
agbọ̀n 'korg' M (midtre) L (låg)
àgbọn 'kokosnøtt' L (låg) M (midtre)
agbọ́n 'veps' M (midtre) H (høg)

Tonane er markerte ortografisk i joruba med aksentteikn. [´] viser høg tone; ikkje noko teikn viser midtre tone og [`] viser låg tone. Språknamnet illustrerer alle tre tonane: jorùbá. Ein kan lese meir om tonar i yoruba i artikkelen Tonologien i joruba.

Utbreiinga av tonespråk[endre | endre wikiteksten]

Tonespråk finn vi i alle verdsdelar, og truleg er om lag 60–70 % av språka i verda tonespråk.[1] Døme på tonespråk er mandarin (Asia), yoruba (Afrika), yukatekisk maya (Amerika) og norsk (Europa).

Område med særskilt mange tonespråk er:[2]

Område med bortimot total mangel på tonespråk er:

Grunnfrekvens, tonehøgd og (fonologisk) tone[endre | endre wikiteksten]

Mennesket (i tillegg til ei lang rekkje andre dyreartar) oppfattar skilnader i tonehøgd (engelsk pitch) i fyrste rekkje på grunnlag av varierande grunnfrekvens, f0. Di høgare f0, di høgare tone oppfattar vi. Grunnfrekvens er eit akustisk fenomen, medan tonehøgd er eit perseptuelt fenomen, og ingen av fenomena er spesifikt knytte til språk, i motsetnad til fonologisk tone, eller tone, som vi skal kalle det her. Tone er ein fonologisk kategori som skil ord og ytringar frå kvarandre.

Beskriving av tonar[endre | endre wikiteksten]

Dette avsnittet er ein presentasjon av ein del grunnleggjande idear knytte til analysen av tonespråk. Ideane er eksemplifiserte i avsnittet Døme på tonespråk lenger nede.

Nivåtonar og konturtonar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har tonar vorte klassifiserte i (i) nivåtonar og (ii) konturtonar, og ein har skilt mellom «nivåtonespråk» og «konturtonespråk».

«Nivåtonespråk»[endre | endre wikiteksten]

Eit «nivåtonespråk» har ein distinktiv opposisjon mellom eit sett tonar som berre er ulike med omsyn til tonehøgd, slik at eit språk har to eller fleire distinktive tonehøgder. Dei fleste har frå 2 til 4 distinktive tonehøgder, og det er uklårt om det finst språk med 5. I IPA-transkripsjonen finst det symbol for fem ulike nivå; vi har nummerert nivåa frå 1 til 5, der 1 er lågast og 5 høgast:

  • 5 ˥
  • 4 ˦
  • 3 ˧
  • 2 ˨
  • 1 ˩

Med desse symbola kan dei fire yoruba-orda lenger oppe transkriberast slik:

Ortografi Tyding IPA-transkripsjon
agbọ̀n 'korg' [ a˧ g͡bɔ̃˩ ]
àgbọn 'kokosnøtt' [ a˩ g͡bɔ̃˧ ]
agbọ́n 'veps' [ a˧ g͡bɔ̃˥ ]
Yorùbá 'yoruba' [ jo˧ ɾu˩ ba˥ ]

I ein IPA-transkripsjon set vi alternativt aksentteikn oppå ein av bokstavane i eininga som har ein særskild tone:

  • Dersom språket har to nivå, skriv vi [´] for det høge og [`] for det låge, til dømes [á] og [à]; det er vanleg å berre markere éin av tonane, oftast den minst frekvente.
  • Dersom språket har tre nivå, skriv vi [´] for det høge, [¯] for det på midtre og [`] for det låge, til dømes [á], [ā] og [à]; det er òg vanleg å ikkje nytte noko særskilt teikn for den midtre tonen.
  • Dersom språket har fire nivå, er det vanlegast å skrive eitt av nivåa utan aksentteikn og å nytte [á], [ā] og [à] for dei tre andre; det er vanlegast å ikkje nytte noko teikn for ein av tonane mellom den høgaste og den lågaste.

«Konturtonespråk»[endre | endre wikiteksten]

Eit «konturtonespråk» har distinktiv opposisjon mellom tonar som skil seg frå kvarandre ved ulike tonerørsler, til dømes slik at språket har ein jamn tone (som held seg på same nivået heile tida), ein stigande tone (som byrjar som relativt låg og endar som relativt høg), og ein fallande tone (som byrjar som relativt høg og endar som relativt låg). Desse tre tonane skriv vi som [¯] (jamn), [ˇ] (stigande) og [ˆ] (fallande) til dømes [ā], [ǎ] og [â]. Merk tilhøvet mellom symbola [´], [`], [ˇ] og [ˆ]:

  • [ˇ] = [`] + [´]
  • [ˆ] = [´] + [`]

Toneanalyse[endre | endre wikiteksten]

I moderne tonologi spelar skiljet mellom nivåtonar og konturtonar ei mindre rolle. Sidan tidleg på 1970-talet har det vore vanleg å analysere konturtonar som sekvensar av nivåtonar. Dersom eit språk har tre konturtonar, (i) (høg) jamn, (ii) stigande og (iii) fallande, seier vi at det har tonane (i) H, (ii) LH og (iii) HL, der H og L er forkortingar for høg tone og låg tone. Dette er grunnlaget for analysen [ˇ] = [`] + [´] og [ˆ] = [´] + [`] i førre avsnitt:

  • [ˇ] = [`] + [´] = LH
  • [ˆ] = [´] + [`] = HL

I moderne fonologi finn ein i tillegg til H (høg tone) og L (låg tone) også forkortinga M (midtre tone).

Eit argument for denne analysen finn vi mellom anna i shanghainesisk (sjå avsnittet om dette språket under Døme på tonespråk lenger nede), der ein fallande leksikalsk tone, dvs. HL, kan realiserast som ein høg tone på éi staving og ein låg tone på den neste, og ein stigande leksikalsk tone, dvs. LH, kan realiserast som ein låg tone på éi staving og ein høg tone på den neste. Dette skjer når den fyrste stavinga er trykksterk og den andre er trykkveik. På hausa, som også er omtala under Døme på tonespråk, finst det mange døme på at ord misser ei staving utan å misse tonane. Ordet som tyder 'maurslukar' har to variantar, ein med tre stavingar og ein med to stavingar. I varianten med tre stavingar, har dei tre stavingane tonane H-L-H. Når 2. stavinga fell ut, får vi ein tostavingsvariant med tonemønsteret HL-H. Når H-L blir til HL, få vi ein fallande tone:

  • H-L-H dabùgii ~ HL-H dâbgii 'maurslukar'

Toneberande eining[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å hevde at tonespråk skil seg frå kvarandre med omsyn til kva som er den toneberande eininga, det vil seie kva for fonologisk eining som "ber" tonane i språket. Dette blir kalla TBU, ei forkorting av engelsk tone-bearing unit 'toneberande eining'. Ein skil då mellom språk der TBU-en er stavinga og språk der TBU-en er moraen. Dersom stavinga er TBU, tillèt språket konturtonar på ein kort vokal; dersom moraen er TBU, tillèt språket berre éin tone per mora (μ), og såleis finst konturtonar berre på stavingar med meir enn éin mora. At moraen er TBU, viser seg ved at det berre er stavingar med lang vokal, diftong eller koda som har konturtonar, medan stavingar med kort vokal og utan koda berre kan ha nivåtonar. Dersom eit språk med moraen som TBU har stavingar som ma, maa, mai og man, har den fyrste éin mora og dei tre siste to moraer kvar. Her er orda delte i moraer (μ):

  • 1 mora (μ) – ma (kort vokal)
  • 2 moraer (μμ) – ma+a (lang vokal)
  • 2 moraer (μμ) – ma+i (diftong)
  • 2 moraer (μμ) – ma+n (kort vokal pluss sonorant koda)

Det er likevel ikkje allmenn semje om at tonespråka i verda verkeleg kan delast inn i dei med stavinga som TBU og dei med moraen som TBU. Duanmu (2009) hevdar at ingen språk har konturtonar på kort vokal; i alle språk der det har blitt påstått at slikt finst, meiner Duanmu at korte vokalar blir forlengde for å gjere plass til tonekonturen. Dersom han har rett, er moraen TBU i alle tonespråk.

Autosegmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Doktoravhandlinga Autosegmental Phonology av John Goldsmith frå 1976 (Goldmsith 1976 i bibliografien) revolusjonerte tonologien med teorien autosegmental fonologi. Toneanalysen i denne artikkelen byggjer på innsikter frå denne teorien, utan at det formelle apparatet er nytta.

Døme på tonespråk[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje sentrale fenomen i tonespråk er presenterte i dette avsnittet, gjennom ein presentasjon av tonespråk frå ulike delar av verda.

Mandarin[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tonologien i mandarin.

Dei fire tonane i standard mandarin. Tala frå 1 til 5 representerer ulike tonehøgder, med 1 som den lågaste og 5 den høgaste.

Mandarin høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Standard mandarin har fire ulike leksikalske tonar, T1–T4, som akustisk skil seg frå kvarandre med konturen og tonenivået til grunnfrekvensen. Det er vanleg å framstille tonane som i figuren til høgre. Dei fire orda nedanfor illustrerer dei fire tonane. Dei kinesiske teikna føre og etter skråstreken er høvesvis forenkla og tradisjonelle teikn. I den kinesiske pinyin-transkripsjonen blir tonane skrivne med aksentteikn oppå ein av vokalbokstavane, og aksentteikna er valde slik at dei liknar på tonekonturane. Denne notasjonen skil seg frå IPA; jf. artikkelen Tonologien i mandarin.

Nummer Kinesiske teikn
(hànzì)
Pinyin-
transkripsjon
Tyding Kinesisk namn
T1 妈 / 媽 mor 阴平声 yīnpíngshēng
T2 hamp 阳平声 yángpíngshēng
T3 马 / 馬 hest 上声 shǎngshēng
T4 骂 / 罵 skjenne 去声 qùshēng

I hovudartikkelen om tonologien i mandarin finn ein ein fonologisk analyse av dei fire tonane, ei drøfting av trykksterke og toneberande stavingar versus trykkveike og tonelause stavingar og ei skildring av tonesandhi.

Kantonesisk[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tonologien i kantonesisk.

Kantonesisk høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Kantonesisk har sju ulike leksikalske tonar, T1–T7. Det kantonesiske tonesystemet skil seg på fleire viktige punkt frå det i mandarin. Mellom anna manglar kantonesisk trykkveike, tonelause stavingar. For det andre må stavingane delast i to typar:

  • Stavingstype a: Stavingar som ikkje endar på -p, -t eller -k
  • Stavingstype b: Stavingar som endar på -p, -t eller -k

I stavingar av type A skil språket mellom seks (eller sju) tonar, som illustrert i den venstre helvta av tabellen nedanfor, der dei er skrivne med IPA-transkripsjon. Skiljet mellom T1 og T7 er marginalt, og finst ikkje hos alle talarar. I stavingar av type B (som ikkje finst på standard mandarin), skil språket mellom berre tre tonar, som vist i den høgre helvta i tabellen. I stavingstype a finst både nivå- og konturtonar, i stavingstype b berre nivåtonar. I hovudartikkelen Tonologien i kantonesisk finst òg ei skildring av tonesandhi.

Nummer Kinesiske teikn
(hànzì)
Pinyin-
transkripsjon
Tyding Tone-
analyse
Nummer Kinesiske teikn
(hànzì)
Pinyin-
transkripsjon
Tyding Tone-
analyse
T1 síí dikt H T1 sík stil, type H
T2 sii prøve, smake M T2 sik tinn M
T3 sìì vere L T3 sìk ete L
T4 siì tid ML
T5 sií gjere, forårsake MH
T6 sìi marknad, by LM
T7 西 sɐ́i vest HM

Shanghainesisk[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tonologien i shanghainesisk.

Shanghainesisk, eller Shanghai-dialekten, er ein variant av wu, eit språk som høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Framstillinga nedanfor byggjer på Duanmu (2009: 112-128) og Yip (2002: 185-189). Frå ein tonologisk synsvinkel må stavingane i språket delast i tre grupper:

  1. Stavingar som byrjar med ustemd obstruent
  2. Stavingar som byrjar med stemd obstruent
  3. Stavingar som byrjar med sonorant

I stavingar som byrjar med ein ustemd obstruent, skil språket mellom to leksikalske tonar – ein fallande tone HL og ein høg, stigande tone MH. Stavingar som byrjar med ein stemd obstruent, har alle den same leksikalske tonen – ein låg, stigande tone LM. I stavingar som byrjar med ein sonorant, finn vi alle dei tre leksikalske tonane i sitatformene. Duanmu (2009: 125) understrekar at både HL og MH er lågfrekvente, slik at stavingar som byrjar med sonorant tenderer til å likne stavingar som byrjar med stemd obstruent. Difor hevdar Duanmu (2009) at shanghainesisk i hovudsak har eit system med to leksikalske tonar, HL og LH.

Nett som mandarin – men i motsetnad til kantonesisk – skil shanghainesisk mellom trykksterke og trykkveike stavingar. Dei trykkveike stavingane misser alle spor av den leksikalske tonen, og den leksikalske tonen til den føregåande trykksterke stavinga blir spreidd utover begge stavingane, med den fyrste komponenten på den fyrste og den andre komponenten på den andre. Detaljane er presenterte i hovudartikkelen Tonologien i shanghainesisk, der dette fenomenet er drøft i ljos av mobilitet og tonesandhi.

Hausa[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tonologien i hausa.

Hausa, som høyrer til den tsjadiske greina av den afroasiatiske språkfamilien, blir primært tala i Niger og Nigeria. Framstillinga nedanfor byggjer primært på Newman (2000: 597–614). I den standardiserte hausa-ortografien blir korkje vokallengd eller tone markerte. Her er skiljet mellom korte og lange vokalar markert med enkel v. dobbel vokalbokstav. Tonar er markerte slik det er vanleg mellom hausaforskarar:

  • H (høg tone) er ikkje markert.
  • L (låg tone) er markert med gravis aksent, `.
  • HL (fallande tone) er markert med sirkumfleks, ˆ.

Dette kan illustrerast med ordet manòomân 'bøndene', der fyrste stavinga (ma) har høg tone, andre stavinga (noo) har låg tone og tredje stavinga (mân) har fallande tone. Den fallande tonen førekjem berre på stavingar som inneheld to moraer, slik at moraen kan sjåast på som den toneberande eininga. Nett som i kantonesisk har alle stavingar tone, og det finst ikkje noko skilje mellom trykksterke og trykkveike stavingar.

I hovudartikkelen Tonologien i hausa er det ei drøfting av tonesandhi, tonestabilitet (tonar overlever om resten av ei staving fell bort og neddrift (i deklarative setningar på hausa fell den absolutte tonehøgda frå byrjinga til slutten, og det skjer i så stor grad at ein låg tone tidleg i setninga kan ha ei høgare absolutt tonehøgd enn ein høg tone seint i setninga.

Nizaa[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tonologien i nizaa.

Nizaa er eit kamerunsk språk som høyrer til den bantoide greina av benue-kongospråka, som er ei grein av niger-kongospråka. Nizaa skil mellom H (høg), M (midtre) og L (låg) tone, som kan kombinerast på elleve ulike måtar i ei einskild staving:

Nr. Tone Skrivemåte på
lang vokal
Skrivemåte på
kort vokal
Skrivemåte på
vokal pluss konsonant
Døme
1 H áá á ám sír adj. 'svart'
2 M aa a am ɓʉʉ s. 'hovud'
3 L àà à àm ɗùù s. 'kanin'
4 HM áa a᷇ a᷇m ɓo᷇w s. 'hund'
5 HL áà â âm shwáà s. 'sag'
6 MH a᷄ a᷄m nge᷄gcún s. 'stor krokodille'
7 ML a᷆ a᷆m sa᷆m s. 'ljos'
8 LH àá ǎ ǎm dǐw s. 'andlet'
9 MHL amˆ ɓʉʉ̂ s. 'hovudet'
10 LHM ǎa à ᷇ àm ᷇ ɓɔ̌ɔŋ s. 'egg'
11 LHL ǎà a᷈ a᷈m ɓɔ̌ɔ̀ŋ s. 'egget'

Nett som i kantonesisk og hausa har alle stavingar i nizaa tone, og det finst ikkje noko skilje mellom trykksterke og trykkveike stavingar. I hovudartikkelen Tonologien i nizaa finst drøftingar av desse ovringane:

  1. Mobilitet.. I nizaa er det svært vanleg at ein tone på siste stavinga i eitt ord hoppar over på fyrste stavinga i det neste.
  2. Flytande tonar. Fleire leksikalske tonar inneheld toneelement som ikkje blir realiserte i sitatformer, berre når orda er kombinert med andre ord.
  3. Tonale affiks. Nizaa dannar bunden form av substantiv ved å leggje til ein L på slutten av ordet. Denne L-en kan oppfattast som eit suffiks, men det er eit suffiks som berre har tonale eigenskapar, og ingen segmentale.
  4. Nedsteg. (Engelsk downstep.) Dersom vi har to stavingar som fylgjer etter kvarandre, der den fyrste han den leksikalske tonen HM og den andre har ein leksikalsk tone som byrjar med H (med eller utan noko etter), blir M borte frå den fyrste stavinga, medan H i den andre stavinga blir !H. dvs. ein lægd H, dvs. ein tone som ligg mellom H og M.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Baker, Hugh & Ho Pui-Kei 2006. Teach yourself Cantonese. London: Hodder Education.
  • Bruce, R. 1970. Teach yourself Cantonese. London: Teach Yourself Books.
  • Chao, Yen Ren 1968. A grammar of spoken Chinese. 中国话的文法。Berkeley & Los Angeles: University of California Press.
  • Duanmu, San 2009, Syllable structure. Oxford: Oxford University Press.
  • Endresen, Rolf Theil 1992. La phonologie de la langue nizaa (nizɑɑ̀). Nordic Journal of African Studies, vol. 1, no. 1.
  • Goldsmith, John 1976. Autosegmental Phonology. Ph. D. dissertation, MIT. (Utg. som nr. 11 i serien Outstanding dissertations in linguistics i 1979. New York : Garland Pub.)
  • Kao, Diana L. 1971. Structure of the syllable in Cantonese. The Hague & Paris: Mouton.
  • Newman, Paul 2000. The Hausa language. An encyclopedic reference grammar. New Haven & London: Yale University Press.
  • Whitaker, K. P. K. & W. Simon 1958. 1200 Chinese basic characters. An adaption for students of Cantonese of W. Simon's National Language version. London: Lund Humphries.
  • Yip, Moira (2002), Tone (Cambridge textbooks in linguistics.), Cambridge: Cambridge University Press 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]