Tone Wilhelmsen Trøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tone W. Trøen)
Tone Wilhelmsen Trøen

Fødd23. februar 1966 (58 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedOslomet – storbyuniversitetet
MedlemStortingets særskilte komité for å behandle spesielle saker vedrørende korona-krisen
VervStortingspresident i Noreg 2018-
FøregangarOlemic Thommessen
Alle verv

Tone Wilhelmsen Trøen (fødd 23. februar 1966) er ein norsk Høgre-politikar som vart innvald på Stortinget etter stortingsvalet 2013. Ho er 4. representant for Akershus og stortingspresident.[1]

Tone Wilhelmsen Trøen er oppvaksen i Nes på Romerike, er gift og har tre born. Ho har lang erfaring innan politikken frå Høgre sine lokallag både i Nes og Eidsvoll og frå Akershus Høgre. I tillegg har ho vore rådgjevar for Høgres gruppe i barne-, familie- og kulturkomitéen i 2005, og i 2013 var ho partirådgjevar i helsepolitiske spørsmål.[2][3] Den 15. mars 2018 vart ho vald til stortingspresident etter at Olemic Thommessen måtte trekkje seg på grunn av byggeskandalen på Stortinget, der ei ombygging som var planlagt å koste 1,1 milliardar kroner vart kostande 2,3 milliardar.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi på Stortinget.no
  2. Eidsvoll Ullensaker Blad, 28.08.13: Tone klar for tinget. Tilgjengeleg frå Høyre.no, vitja 27.10.13 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013, henta 27. oktober 2013 
  3. Profil på Hoyre.no, arkivert frå originalen 4. august 2014, henta 27. oktober 2013 
  4. Fossen, Cato Husabø (14. mars 2018), «Tone Trøen blir ny stortingspresident», NRK (på norsk bokmål), henta 12. mai 2019 
  5. Krekling, David Vojislav (8. mars 2018), «Olemic Thommessen trekker seg som stortingspresident», NRK (på norsk bokmål), henta 12. mai 2019