Tone i akustikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå tone.

Ein tone er regelmessige lydsvingingar karakterisert ved lydstyrke, høgd og klangfarge.

Styrken (høyrestyrken) vert gjeve i phon. Høgda (frekvensen) vert gjeve i mengder svingingar per sekund (hertz, Hz), og viss tonen inneheld fleire frekvensar, er høgda som regel avgjort av den lågaste av desse. Klangfargen er avgjort av mengda og styrken av overtonar. Viss tonen inneheld berre éin frekvens, blir tonen kalla rein eller enkel. Med fleire frekvensar blir tonen kalla samansett, den lågaste kallast grunntonen, dei andre overtonar. Viss overtonane sine svingetal er ei heil mengd gonger grunntonen sitt svingetal, blir overtonane kalla harmoniske av grunntonen. Tonen i blåseinstrument er bygd opp av harmoniske overtonar. Tonar i kyrkjeklokker har ikkje-harmoniske overtonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

tone. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/tone