Tonelag 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tonelag 1 eller tonem 1 er nemningar for tonelaget som vert nytta i ord som kastet (av eit kast), bønder, bøter (av ei bot).

Tonelaget vert i oppslagsverk o.l. ofte markert med ein akutt aksent etter vokalen: ka´stet, bø´nder, bø´ter. Ved bruk av Det internasjonale fonetiske alfabetet IPA er det ved notasjon av norske og svenske ord vanleg å skrive ' framom ordet for å markere tonlag 1 og " for å markere tonelag 2: data > ['dɑ:tɑ]; mata > ["mɑ:ta].

Tidlegare var tonelaget òg kalla eintoppa, eit uttrykk som viser til uttalen i norsk språk.