Tonen A
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonen A, i italiensk språk La, er den sjette tonen i C-durskalaen, som er en vanlege grunnskalaen i vestleg musikk. A er grunntonen i A-dur, med 3 # for f, c og g, og a-moll. A er òg grunntonen i den eoliske kyrkjetonearten. A var djupaste tonen i dei mellomalderske bokstavnoteskriftene.
Einstroken a har til vanleg 440 svingningar per sekund, i samsvar med vedtak på ein konferanse i London 1939, eller 435 svingningar per sekund, i samsvar med eit kongressvedtak frå Wien 1885.
Kjelder [endre]
- Cappelens musikkleksikon 1978