Toni Kroos
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Toni Kroos | |
| Fødselsdato | 4. januar 1990 | |
| Fødestad | Greifswald i DDR | |
| Høgd | 182 cm | |
| Posisjon | Midtbane, ving | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Bayern München | |
| Draktnummer | 39 | |
| Ungdomsklubb | ||
| 1997-2002 2002-06 2006-07 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2007- 2009-10 |
29 (1) 43 (10) |
|
| Landslag** | ||
| 2008- 2010- |
9 (2) 12 (0) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Toni Kroos (fødd 4. januar 1990 i Greifswald i Mecklenburg-Vorpommern) er ein tysk fotballspelar som spelar for Bayern München i tysk Bundesliga og for Tyskland sitt landslag.
Kroos kom til Bayern München sitt ungdomslag i 2006. Han debuterte for A-laget som 17-åring, 26. september 2007. Han spelte 12 ligakampar for Bayern i 2007/08-sesongen, då dei vart tyske seriemeistrar. Frå januar 2009 til sommaren 2010 var han på lån hjå Bayer Leverkusen.
Kroos debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp mot Argentina. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte som innbytar i fire kampar: Den siste gruppekampen, mot Ghana, kvartfinalen, semifinalen og bronsefinalen.
Veslebroren hans, Felix, er òg profesjonell fotballspelar, i 2010/11-sesongen hjå Werder Bremen, med aldersbestemte landskampar for Tyskland.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Neuer • 2 Jansen • 3 Friedrich • 4 Aogo • 5 Tasci • 6 Khedira • 7 Schweinsteiger • 8 Özil • 9 Kießling • 10 Podolski • 11 Klose • 12 Wiese • 13 Müller • 14 Badstuber • 15 Trochowski • 16 Lahm • 17 Mertesacker • 18 Kroos • 19 Cacau • 20 Boateng • 21 Marin • 22 Butt • 23 Gómez • Trenar: Löw |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Neuer • 2 Gündoğan • 3 Schmelzer • 4 Höwedes • 5 Hummels • 6 Khedira • 7 Schweinsteiger • 8 Özil • 9 Schürrle • 10 Podolski • 11 Klose • 12 Wiese • 13 Müller • 14 Badstuber • 15 L. Bender • 16 Lahm (kaptein) • 17 Mertesacker • 18 Kroos • 19 Götze • 20 Boateng • 21 Reus • 22 Zieler • 23 Gómez • Trenar: Löw |
||