Toni Sailer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toni Sailer

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 17. november 1935
Kitbuhel
Død

24. august 2009 (73 år)
Innsbruck

Yrke alpinist, skodespelar, songar, ski teacher, filmskodespelar
Språk tysk
Toni Sailer på Commons

Anton Engelbert Sailer (17. november 193524. august 2009), kjend som Toni Sailer, var ein austerriksk alpinist frå Kitzbühel.

Sailer var den fyrste alpinisten som vann alle dei tre alpinøvingane, slalåm, storslalåm og utfor, i eitt og same OL. Dette presterte han under OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ettersom han sigra i både slalåm og utfor vart han også automatisk verdsmeister i kombinasjonen. To år seinare var han nær ved å kopiere prestasjonane under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, der han vann tre gullmedaljar og ein sølvmedalje. Sølvmedaljen kom i slalåm, landsmannen Josl Rieder sigra med sju tidels sekund betre tid enn Sailer.

Sailer la opp som alpinist i 1959. Han arbeidde sidan som filmskodespelar og i 1972-76 som sjefstrenar for det austerrikske skiforbundet. Frå 1986 til 2006 var han tilsett i Hahnenkamm-renna i heimbyen Kitzbühel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]