Tonje Nøstvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonje Nøstvold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1985 (38 år)
Stavanger kommune
Yrke handballspelar
Høgd 178 centimeter

Tonje Nøstvold (fødd 7. mai 1985) er ein norsk handballspelar frå Stavanger som sidan sommaren 2011 har spela for Byåsen, også i perioden 2005-08 spela ho for Byåsen. Nøstvold har vunne tre EM-gull, eitt OL-gull og VM-gull med Noregs landslag i perioden 2006-11. Ho spelar både høgreback og høgrekant. Mellom 2005 og august 2012 har ho spela 169 landskampar og skåra 385 mål.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nøstvold spela handball for Hundvåg på nivå 3 til sommaren 2003. Ho gjekk då over til toppserieklubben Sola, og spela for denne i to sesongar. Frå sommaren 2005 spela ho for Byåsen, der ho var med då klubben kom til finalen i cupvinnarcupen i handball i 2007. Byåsen tapte cupvinnarcup-finalane mot Oltchim Valcea frå Romania med 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela Nøstvold på lag med Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem, Ida Alstad og Kari Aalvik Grimsbø. Sommaren 2008 melde ho overgang til danske Ikast-Bording/FC Midtjylland, der ho spela i tre år. Derifrå gjekk ho tilbake til Byåsen og norsk toppserie.

Nøstvold debuterte på det norske landslaget mot Portugal 27. september 2005. Ho har vore i den norske landslagstroppa til samtlege meisterskap i åra 2005-12. Gjennom desse sju åra har ho vorte europameister tre gongar (2006, 2008, 2010), to gongar olympiameister (2008 og 2012) og ein gong verdsmeister (2011), dessutan har ho VM-sølv og -bronse frå høvesvis 2007 og 2009.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]