Tonologien i hausa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det gule området i nord er den hausaspråklege delen av Nigeria.

Tonespråket hausa, som høyrer til den tsjadiske greina av den afroasiatiske språkfamilien, blir primært tala i Niger og Nigeria. Framstillinga nedanfor byggjer primært på Newman (2000: 597–614). I den standardiserte hausa-ortografien blir korkje vokallengd eller tone markerte. Her er skiljet mellom korte og lange vokalar markert med enkel v. dobbel vokalbokstav. Tonar er markerte slik det er vanleg mellom hausaforskarar:

  • H (høg tone) er ikkje markert.
  • L (låg tone) er markert med gravis aksent, `.
  • HL (fallande tone) er markert med sirkumfleks, ˆ.

Dette kan illustrerast med ordet manòomân 'bøndene', der fyrste stavinga (ma) har høg tone, andre stavinga (noo) har låg tone og tredje stavinga (mân) har fallande tone.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Ei staving på hausa har ein av desse tre tonane:

  • H (høg)
  • L (låg)
  • HL (fallande)

Den fallande tonen førekjem berre på stavingar som inneheld to moraer, slik at moraen kan sjåast på som den toneberande eininga.

Her er nokre døme på ord som viser korleis tonar skil ord frå kvarandre i hausa:

  • kai 'du (m.)' – kâi 'hovud'[1]
  • suu 'dei' – sûu 'fisking'
  • kuukàa 'baobabtre' – kuukaa 'gråt'
  • wuyàa 'hals' – wùyaa 'vanske, plage, bry'
  • bàaba 'far' – baabà 'mamma, tante'

Tonar kan òg skilje ulike bøyingsformer av same ordet frå kvarandre:

  • màataa 'kone' – maataa 'koner, kvinner'
  • dafàa 'lage (mat)' – dàfaa 'lag (mat)!'

– eller ulike avleiingar frå kvarandre:

  • ma'aikataa 'fabrikk, arbeidsplass' – ma'àikàtaa 'arbeidarar'

Ingen trykkveike stavingar[endre | endre wikiteksten]

Nett som i kantonesisk har alle stavingar tone, og det finst ikkje noko skilje mellom trykksterke og trykkveike stavingar.

Tonesandhi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i hausa har ei eiga bunden form. I femininum eintal har den bundne forma suffikset -r̃, medan suffikset er -n i maskulinum eintal og i fleirtal (der det ikkje er noko genus-skilje). Desse suffiksa har ein låg tone knytt til seg, slik at det bundne substantivet endar på ein fallande tone når den ubundne forma har ein høg tone på siste stavinga; jf. orda som tyder 'hus' og 'luve, huve' nedanfor. Dersom den ubundne forma har ein låg tone, skjer det ingen toneendringar i den bundne forma; jf. ordet som tyder 'månad' nedanfor:[2]

  • gidaa '(eit) hus' – gidân 'huset'
  • hùulaa '(ei) luve, huve' – hùulâr̃ 'luva, huva'
  • watàa '(ein) månad' – watàn 'månaden'

Når eit bunde substantiv med fallande tone på siste stavinga er fylgt av relativpartikkelen 'som', kan tonen fakultativt bli endra frå fallande til høg, som ei fylgje av denne tonesandhiregelen:

  • HL → H / __ L

Her er eit døme:

gidân dà mukà ganiigidan dà mukà ganii 'huset som vi såg'

Tonestabilitet[endre | endre wikiteksten]

Dersom eit hausaord misser ei staving, kan tonen i den forsvunne stavinga "overleve". Dette gjeld i dei tilfella der den forsvunne stavinga hadde L (låg tone) og stavinga føre hadde H (høg tone). Då får stavinga føre den forsvunne stavinga ein fallande tone, sidan H+L = HL:

  • kadà ~ kâr̃ (partikkel som uttrykkjer negativ imperativ)
  • dabùgii ~ dâbgii 'maurslukar'

Dette fenomenet blir kalla tonestabilitet, som Yip (2002: 65) definerer som "survival after loss of original host segment" 'overleving etter tap av opphavleg vertssegment'.

Interessant nok oppviser ikkje hausa tonestabilitet dersom resultatet ville bli ei stigande tone, dvs. LH. Då finn vi berre L eller H i staden, etter reglar som er skildra i Newman (2000: 599).

Neddrift[endre | endre wikiteksten]

I deklarative setningar på hausa fell den absolutte tonehøgda frå byrjinga til slutten, og det skjer i så stor grad at ein låg tone tidleg i setninga kan ha ei høgare absolutt tonehøgd enn ein høg tone seint i setninga. Newman (2000: 612) gjev mellom anna dømet Laadì taa tàfi kàntii. 'Ladi gjekk til butikken':[3]

Tone-
høgd
Laa taa fi kàn tii
5 ██
4 ██
3 ██ ██
2 ██ ██
1 ██

Dette fenomenet er vanleg i afrikanske språk, og går under namnet neddrift (engelsk downdrift). Ein kan seie at det er dei låge tonane som "dreg" tonenivået nedover. To H-ar som fylgjer rett etter kvarandre, er på same tonehøgda, men dersom dei har ein L mellom seg, er den andre H-en på ei lågare tonehøgd enn den fyrste H-en.

Neddrfita viser kor viktig det er å skilje mellom tonehøgd og fonologisk tone.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Newman, Paul 2000. The Hausa language. An encyclopedic reference grammar. New Haven & London: Yale University Press.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hausa har to diftonar, ai og au.
  2. Vokalen føre det bundne suffikset er alltid kort, fordi hausa berre kan ha lang vokal i open staving, dvs. i staving som ikkje endar på ein konsonant.
  3. Laadì er eit jentenamn som tyder 'sundag'. Namnet blir gjeve til jenter som er fødde på denne vekedagen.