Tonologien i mandarin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartet viser utbreiinga av mandarin i Kina. Fargane representerer ulike dialektar.
Dei fire tonane i standard mandarin i musikalsk notasjon.

Mandarin er eit tonespråk som høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Standard mandarin har fire ulike leksikalske tonar, T1–T4, som akustisk skil seg frå kvarandre med konturen til grunnfrekvensen. Det er vanleg å framstille tonane som i figurane til høgre; den øvste gjev att tonane i musikalsk notasjon, den nedste som strekar på eller mellom ulike tonehøgder. Dei fire orda nedanfor illustrerer dei fire tonane. Dei kinesiske teikna føre og etter skråstreken er høvesvis forenkla og tradisjonelle teikn. Den toneberande eininga er stavinga. Med nokre få unnatak utgjer morfema i mandarin éi staving, slik at fleirstavingsord så å seie alltid har fleire morfem. I den kinesiske pinyin-transkripsjonen blir tonane skrivne med aksentteikn oppå ein av vokalbokstavane, og aksentteikna er valde slik at dei liknar på tonekonturane. Denne notasjonen skil seg frå IPA.

Dei fire tonane i standard mandarin uttala på stavinga ma.
Nummer Kinesiske teikn
(hànzì)
Pinyin-
transkripsjon
IPA-
transkripsjon[1]
Tyding Kinesisk namn
T1 妈 / 媽 [máá] mor 阴平声 yīnpíngshēng
T2 [màá] hamp 阳平声 yángpíngshēng
T3 马 / 馬 [màà] hest 上声 shǎngshēng
T4 骂 / 罵 [máà] skjenne 去声 qùshēng

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Dei fire tonane i standard mandarin. Tala frå 1 til 5 representerer ulike tonehøgder, med 1 som den lågaste og 5 den høgaste.

Det er vanleg å analysere dei fire tonane ved hjelp av tala frå 1 til 5 i figuren til høgre, der 1 representerer den lågaste tonehøgda og 5 den høgaste. Då kan dei fire tonane analyserast slik:

  • T1: 55
  • T2: 35
  • T3: 214
  • T4: 51

Men dei fire tonane blir ikkje alltid uttala slik. T3 varierer allofonisk mellom 214 og 21. Det kan hevdast at analysen over er ei overnøyaktig fonetisk skildring, og at dei fonologisk er noko enklare. Yip (2002) og Duanmu (2009) analyserer dei slik:

  • T1: H
  • T2: LH
  • T3: L
  • T4: HL

Det korte fallet (21) i T3 blir då rekna som ei reint fonetisk gliding ned til den låge tonen.

Trykkveike stavingar[endre | endre wikiteksten]

Men ikkje alle morfem i mandarin har ein leksikalsk tone. Fleire grammatiske partiklar manglar leksikalsk tone, og blir realisert med ulike tonar i ulike tonale omgjevnader. Ein seier at dei har nøytral tone. Den nøytrale tonen blir – som ein hovudregel – realisert med ein låg tone etter T1, T2 og T4 og med høg tone etter T3. Døme er spørjepartikkelen 吗 / 嗎 ma, underordningspartikkelen 的 de og perfektivpartikkelen 了 le.

Også morfem med leksikalsk tone blir i visse omgjevnader realiserte med nøytral tone. Døme er verba 来 / 來 lái 'kome' og 去 'dra av stad', som kan kombinerast med verba 上 shàng 'gå opp' og 下 xià 'gå ned', og som då blir uttala utan leksikalsk tone:

  • 上来 shànglai 'kome (hit) opp'
  • 上去 shàngqu 'dra (av stad) opp'
  • 下来 xiàlai 'kome (hit) ned'
  • 下去 xiàqu 'dra (av stad) ned'

Det er vanleg å seie at stavingar utan leksikalsk tone er trykkveike. Dei grammatiske partiklane 吗 / 嗎 ma, 的 de og 了 le er då trykkveike, til liks med 来 / 來 lái 'kome' og 去 'dra av stad' i dei samansette verba ovanfor. Duanmu (2009) skriv at trykksterke stavingar i standard mandarin har to moraer, medan trykkveike stavingar har éin mora, og at 来 / 來 lái 'kome' og 去 'dra av stad' blir uttala høvesvis [làí] og [tɕʰýỳ][2] som trykksterke og toneberande og som [le] og [tɕʰy] som trykkveike og tonelause. Her er to andre døme:

  • 妈 / 媽 [ˈmáá] 'mor'
  • 吗 / 嗎 ma [ma] (spørjepartikkel)

Tonesandhi[endre | endre wikiteksten]

Skildringa av tonologien i mandarin er ikkje komplett utan ein omtale av tonesandhi,[3] det at særskilde tonar endrar form ved sida av særskilde andre tonar:

  • L → LH / __ L

Regelen seier at dersom to låge tonar (L, T3) følgjer rett etter kvarandre, blir den fyrste til ein stigande tone (LH, T2):

  • hěn 'veldig' + 好 hǎo '(er) god, har det bra' → 很好 hén hǎo '(er) veldig god, har det veldig bra'

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Chao, Yen Ren 1968. A grammar of spoken Chinese. 中国话的文法。Berkeley & Los Angeles: University of California Press.
  • Duanmu, San 2009, Syllable structure. Oxford: Oxford University Press.
  • Yip, Moira 2002. Tone. (Cambridge textbooks in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. IPA-transkripsjonen byggjer på analysen nedanfor, i avsnittet Analyse.
  2. [yy] står for lang vokal, nett som [yː].
  3. Ein kan lese meir om tonesandhi i standard mandarin in Chao (1968).