Tony Burrows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tony Burrows

Tony Burrows i 2008
Fødd14. april 1942 (81 år)
Exeter i Devon i England
FødestadExeter
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerPop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Kestrels, The Ivy League, The Flower Pot Men, White Plains, The Pipkins, Edison Lighthouse, The First Class, Brotherhood of Man
Verka somSongar

Anthony «Tony» Burrows (fødd 14. april 1942) er ein engelsk studiovokalist som særleg var kjent og mykje brukt på 1970-talet med ei rekkje listetopper på UK Singels Chart og den amerikanske Billboard Hot 100.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1960-talet var han med i vokalgruppa The Kestrels saman med blant andre dei sentrale låtskrivarane Roger Greenaway og Roger Cook. Seinare vart han med i gruppa The Ivy League, og var enno med då denne vart ein del av gruppa The Flower Pot Men, saman med blant andre Jon Lord og Nick Simper, som seinare var med å danne Deep Purple. The Flower Pot Men hadde blant anna listetoppen «Let's Go to San Francisco» som blant anna nådde ein 9. plass i Noreg.

Seinare var Burrows med i ei rekkje små og store prosjekt og fekk ei rekkje listeplasseringer, blant anna med:

I februar 1970 var han den einaste som nokon gong har opptredd i BBC-programmet Top of the Pops med songar for tre ulike grupper samstundes: Edison Lighthouse, White Plains og Brotherhood of Man.

Han har òg delteke på innspelingar med blant andre Elton John, Cliff Richards og James Last.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]