Tony Curtis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hendene til Curtis ved Disney's Hollywood Studios.
Tony Curtis (3. juni 1925–29. september 2010), fødd Bernard Schwartz, var ein amerikansk filmskodespelar. Han har vore med i over hundre filmar, og var særleg populær ved slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet og fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Curtis kom frå ein innvandrarfamilie av ungarske jødar. I 1998 grunnla han Emanuel Foundation for Hungarian Culture, ein organisasjon som skal halda vedlike synagogar og jødiske gravplassar i Ungarn. Han tileigna organisasjonen dei 600 000 ungararane som døydde i Holocaust.
Curtis var gift fem gonger. Han døydde i Los Angeles.
Filmar (utval) [endre]
- Noen har det hett (Some Like It Hot) (1959)
- The Boston Strangler (1968)
- The Persuaders (1971-1972) (tv-serien Gullguttene med Roger Moore)
- Mission: Monte Carlo (1974)
- Greven av Monte Cristo (1975)
- Skyt mesteren (1979)
- The Web (1995)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tony Curtis» frå Wikipedia på bokmål, og «Tony Curtis» frå Wikipedia på engelsk den 8. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Tonycurtis.com
- Tony Curtis er død ved nrk.no
Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.