Tony Kaye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tony Kaye
Tony Kaye Yes.jpg
Tony Kaye (1994)
Verkeleg namn Anthony John Selvidge
Fødd 11. januar 1946 (68 år), Leicester i England
Instrument Orgel, tangentinstrument
Sjanger Progressiv rock, rock
Aktive år 1968 til i dag
Tilknytte artistar Yes, Flash, Badger, Detective, Badfinger, Circa, Yoso

Tony Kaye (fødd Anthony John Selvidge11. januar 1946) er ein engelsk klaverspelar, mest kjent for tida si som pianist og organist i progressiv rock-bandet Yes i periodane 1968 til 1971 og 1983 til 1995. Kaye var den originale pianisten og organisten i Yes, og vart i 1971 erstatta av Rick Wakeman. Etter den første tida med Yes starta han prog-rockgruppa Badger. Seinare var han med på å starte banda Flash og Detective før han i 1981 spelte på det siste albumet til Badfinger. For tida spelar han i bandet Circa: som blant anna har med den tidlegare Yes-medlemmen Billy Sherwood. Både Kaye og Sherwood er òg med i bandet Yoso, saman med blant andre den tidlegare Toto-vokalisten Bobby Kimball.

Tidlege år, Yes og Badger[endre | endre wikiteksten]

Han var med i ei rekkje jazzband1960-talet før han i 1968 vart invitert av Chris Squire til å bli med i eit nytt band han hadde starta, nemleg Yes. Kaye spelte på dei tre første albuma til Yes, Yes, Time and a Word og The Yes Album før han vart sparka fordi han ikkje ønskte å spele moderne synthesizerar og Mellotron, noko Wakeman var kjent for å gjere.

Saman med David Foster, som hadde skrive ein del songar saman med Yes, starta han i 1972 bandet Badger, som gav ut to album. Konsertalbumet One Live Badger i 1973 og White Lady i 1974. Han turnerte med David Bowie i 1975 og 1976, og vart så med i bandet Detective. Dei gav ut albuma Detective og It Takes One To Know One i 1977 og dessutan ei promo-plate kalla Live from the Atlantic Studios i 1978.

Badfinger, Detective og Cinema/Yes[endre | endre wikiteksten]

Kaye hadde no flytta til Los Angeles, og vart med Badfinger på turné i 1979. Han var òg med å spele inn albumet Say No More med bandet i 1981. Då Badfinger la bandet på is i 1982 var Kaye usikker på om han skulle fortsetje vidare som soloartist, eller takke ja til invitasjonen frå Chris Squire om å bli med i eit nytt band han kalla Cinema. Dette bandet hadde òg Alan White på trommar og Trevor Rabin på gitar. Han valde å bli med i Cinema, og vart dermed i 1983 med på å gjenopplive Yes då Jon Anderson kom med i bandet.

Etter fire album og tolv år til med Yes, slutta han. Han tilbaud seg å hjelpe til i kulissene dersom dei trong han, men det vart ikkje noko av. Han jobba ikkje noko særleg i musikkbransjen på slutten av 1990-talet, men dei siste åra har han vore med på prosjekt som The Neil Deal, eit hyllest-band til ære for Neil Young, og han er for tida med i bandet Circa: som han har gjeve ut to album saman med. I 2008 var han igjen på turné med Badfinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]