Tony Levin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tony Levin

Tony Levin på scenen med Liquid Tension Experiment, Nearfest 2008.
Fødd6. juni 1946 i Boston i USA
FødestadBoston
FødenamnAnthony Frederick Levin
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
SjangerProgressiv rock, progressiv metal, eksperimentell rock, pop, jazz
InstrumentBass, Chapman Stick, kontrabass, synthesizer, vokal
Kjende instrumentChapman Stick
Music Man Stingray
Tilknytte artistarKing Crimson, Liquid Tension Experiment, Peter Gabriel, Bruford Levin Upper Extremities, Head, Bozzio Levin Stevens, Anderson Bruford Wakeman Howe
PlateselskapPapa Bear Records
Verka somMusikar, låtskrivar, vokalist

Anthony Frederick "Tony" Levin (fødd 6. juni 1946) er ein amerikansk rockemusikar, mest kjend som bassist og utøvar av Chapman Stick.

Levin er mest kjend[1] for arbeidet sitt med progrockpionerane King Crimson og Peter Gabriel. Han har òg vore medlem av Liquid Tension Experiment; dei King Crimson-tilknytte banda Bruford Levin Upper Extremities, ProjeKct One og ProjeKct Four; og leiar i dag sitt eige Tony Levin Band.

Han har vore ein særs aktiv studiomusikar sidan 1970-åra oghar spelt på om lag fem hundre album, mellom anna av Cher, Alice Cooper, John Lennon, Sarah McLachlan, Stevie Nicks, Pink Floyd, Lou Reed, Tom Waits, Buddy Rich, The Roches, Todd Rundgren, Seal, Yes og Warren Zevon. I tillegg har han turnert med Paul Simon, Gary Burton, James Taylor, Herbie Mann, Judy Collins, Carly Simon, Peter Frampton, Anderson Bruford Wakeman Howe, Peter Gabriel, Tim Finn, Richie Sambora og Claudio Baglioni.

Levin var med å gjere Chapman Stick populær og NS kontrabass. Han skapte òg «funk fingers», eit apparat for å etterlikne lyden ein får når ein slår på strengar med trommestikker.

Levin var ein av dei første bloggarane,[2], og starta å eksperimentere med dette i 1996, eitt år før uttrykket vart laga.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Levin har spelt på om lag fem hundre album som studiomusikar eller gjesteartist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]