Tony Visconti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tony Visconti
Tony Visconti 2007.jpg
Tony Visconti, 2007
Fødd 24. april 1944
Instrument Bass, gitar, piano
Sjanger Hardrock, kunstrock, alternativ rock, glamrock, progressiv rock, folkrock, poprock
Aktive år 1967 til i dag
Yrke Produsent, arrangør, musikar
Tilknytte artistar David Bowie
T.Rex
The Moody Blues
Kristeen Young
Morrissey
Richard Barone
Thin Lizzy
Alejandro Escovedo
Nettstad www.tonyvisconti.com

Anthony Edward «Tony» Visconti (fødd 24. april 1944) er ein amerikansk plateprodusent og stundom musikar eller songar.

Sidan seint i 1960-åra har han arbeidd med mange artistar, men han har aldri arbeidd med nokon over så lang tid som David Bowie. I periodar har han arbeidd med Bowie sidan Space Oddity i 1969 til Reality i 2003, og har produser mange av albuma til Bowie og stundom spelt på dei.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Visconti vart fødd i Brooklyn i New York, og faren, som var musikkinteressert, lærte Visconti å spele ukulele då han var fem år gammal. Han gjekk på New Utrecht High School. Gjennom tenåra spelte Visconti i eit klassisk brassband (der han spelte tuba) og eit tradisjonelt orkester (på kontrabass), samt i rock 'n' roll-orientert gitar, som gav han verdifull erfaring han nytta seg av seinare. Då han var 15 år fokuserte han på å spele i lokale band i Brooklyn.

I løpet av dei neste få åra spelte han i fleire softrock- og lounge-band, der han spelte både bass og elektrisk gitar. Med den dåverande kona Siegrid, prøvde han ein karriere som popduoen Tony and Siegrid. Under dette namnet gav dei ut singelen «Long Hair», som vart ein liten hit i New York City seint i 1966, og nådde 33. plass på den lokale Topp 40-stasjonen WMCA.[1] Dette var det næraste dei kom suksess og det vart ikkje gjeven ut andre singlar.

Etter det mislukka forsøket på å bli ein populær popsongar, vart Visconti så produsent for den dåverande distributøren sin the Richmond Organization.

Visconti vart gift med Mary Hopkin, som gav han to born, Morgan og Jessica; og seinare til May Pang, som gav han to born til, Sebastian og Lara.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Visconti møtte den britiske produsenten Denny Cordell i 1968, medan han arbeidde for Richmond som produsent. Cordell bad han om å assistere han på innspelingane til den suksessrike jazzvokalisten Georgie Fame. Visconti flytta til London og vart verande der.

Ein av dei første produksjonane han gjorde i England var for den walisiske gruppa The Iveys (seinare kjend som Badfinger). Han produserte fleire spor for den første LPen deira, Maybe Tomorrow, gjevne ut på The Beatles sitt Apple-selskap. Tittelsporet på albumet vart gjeven ut som singel og nådde 67. plass på Billboard Top 100 i 1968. Fleire tidlege produksjonsarbeid var albumet Prophets, Seers & Sages - The Angels of the Ages for det britiske bandet Tyrannosaurus Rex (seinare T.Rex) som var viktig for den vidare påverkande karrieren hans. Det var starten på eit samarbeid med T. Rex som skulle vare dei neste sju albuma. Ein av dei største suksessane til Visconti var Electric Warrior, albumet som gjorde frontmannen i T.Rex, Marc Bolan, til superstjerne og gjorde Visconti til ein ettertrakta produsent. Kort tid etter byrja Visconti og arbeide med David Bowie og i lag med gitarist Mick Ronson og trommeslagar John Cambridge, danna og turnerte dei med bandet Hype der han spelte bass. Sjølv om bandnamnet berre var kortvarig, varte besetninga og spelte inn albumet og singelen The Man Who Sold the World i 1970. Han arbeidde vidare med albuma Diamond Dogs (1974), Young Americans (1975), Low (1977), Heroes (1977), Lodger (1979) og Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) for David Bowie.

I 1983 produserte Visconti Stage, det første av fire album for den britiske musikalstjerna Elaine Paige. Dette vart følgd opp med Cinema (1984), Love Hurts (1985) og Christmas (1986).

Visconti produsere album for the Moody Blues, The Other Side of Life (1986), og Sur La Mer (1988). I 1987 lagde Visconti, i lag med vokalisten i Moody Blues, Justin Hayward, musikk for BBC2-serien Star Cops.

Mot slutten av 1980-åra arbeidde Visconti lite med kjende artistar, men arbeidde mykje med nydanna band. I 1990 prpoduserte han og skreiv arrangement for New York-bandet Electric Angels. Han produserte fleire songar på Moody Blues sitt Keys of the Kingdom \(1991), Luscious Jackson sitt Electric Honey, Leisure Noise av Gay Dad, Soul Caddy for Cherry Poppin' Daddies, Dawn of Ananda for Annie Haslam og Moonchild for Debbie Gibson. I 1997 produserte Visconti debutalbumet til det tidlegare Stone Roses-medlemmet John Squire sitt nye band, The Seahorses. Albumet Do It Yourself oppnådde moderat suksess. I 2000-åra arbeidde Visconti igjen med David Bowie, og produserte albuma Heathen i 2002 og Reality i 2003.

Han produserte og spelte bass på eit par songar på The Dandy Warhols-albumet Welcome to the Monkey House i 2003. I 2003 slo han seg saman med Finn Brothers (Neil og Tim frå Crowded House og Split Enz) og spelte inn og produserte det andre albumet deira, som kom ut i 2004. Av ukjende årsaker spelte brørne inn heile albumet på ny og Tony er berre tilskriven for strykearrangementet. I 2004 produserte han tre songar for Manic Street Preachers-albumet Lifeblood. I 2005 samarbeidde han med det danske bandet Kashmir på det femte albumet deira No Balance Palace, der David Bowie medverka på ein song. Han har òg samarbeid som medlåtskrivar og produsent for albumprosjekt av Richard Barone. Han har arbeidd i Roma i 2006 for Morrissey-albumet Ringleader of the Tormentors. Sjølvbiografien hans, Bowie, Bolan and The Brooklyn Boy, som kom ut i februar 2007 på Harper Collins UK.

I 2007 og 2008 var Visconti særs aktiv i studio med Benin-songaren Angélique Kidjo, og produserte det Grammy-vinnande albumet hennar Djin Djin (Razor & Tie). Av gjesteartistar fann ein Alicia Keys, Peter Gabriel, Joss Stone, Josh Groban og Carlos Santana. Han produerte òg to album i Saint Claire Recording Studio i Lexington i Kentucky: The Bright Lights of America (RCA) av punkbandet Anti-Flag og eit album av Alejandro Escovedo kalla Real Animal (Manhattan Records) som kom ut i juni 2008. Han har delvis produsert albumet til Raphael i Paris som nådde toppen i Frankrike. Han produserte i 2009 Kristeen Young-albumet Music for Strippers, Hookers, and the Odd On-Looker, som kom ut tidleg i 2009. Han har produsert to songar for den britiske gruppa Razorlight for albumet deira Slipway Fires som kom ut seint i 2008. Han har skriven og dirigert strykarane for Fall Out Boy-albumet Folie à Deux. Han har prodsuert eit album for den australske songaren Danielle Spencer i 2009. I 2010 kom Richard Barone sitt Glow it med fem songar skriven av Barone og Visconti.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ARSA | Tony & Siegrid — Long Hair