Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 23. april 1976 (Storbritannia)
17. mai 1976 (USA)
Innspelt 19. november 1975–27. januar 1976
Studio Radio Monte Carlo med Maison Rouge Mobile Studio, utanom spor 8 og 10, spelte inn i Morgan Studios i Brussel
Sjanger Progressiv rock, folkrock, hardrock, bluesrock
Lengd 42:26
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Jethro Tull-kronologi 
M.U. - The Best of Jethro Tull
(1976)
Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! Songs from the Wood
(1977)


Singlar frå Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!
  1. «Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!»
    Utgjeve: 19. mars 1976

Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! er det niande studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, spelt inn i desember 1975 og gjeve ut i 1976. Dette er det første Tull-albumet med John Glascock på bass og korvokal. Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! er det siste konseptalbumet til Jethro Tull og følgjer soga om Ray Lomas, ein aldrande rockeartist som held seg aktuell med å halde følgje med endringar i dei musikalske trendane.[1]

2002-utgåva av albumet inneheldt to bonusspor, som ikkje kom med på den originale LP-plata, «Small Cigar» og «Strip Cartoon».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Som det førre albumet deira, Minstrel in the Gallery, spelte bandet inn albumet i Maison Rouge Mobile Studio. Dei spelte inn «Too Old to Rock'n'Roll: Too Young to Die!» og «The Chequered Flag (Dead or Alive)» i lag med det unytta songane «Salamander's Rag Time», «Commercial Traveller» og «Advertising Man» (uferdig akkompagnement) den 19. og 20. november 1975, «Big Dipper» den 3. januar 1976, «Pied Piper» og «Quizz Kid» den 4. og 5. januar, «Taxi Grab», «Pied Piper», «Crazed Institution» og «Old Rocker (Quizz Kid intro)» den 8. januar, «From a Dead Beat to an Old Greaser», «Salamander» og «Pied Piper» i tillegg til det unytta sporet «A Small Cigar» den 12. januar, og til slutt «Bad-Eyed and Loveless» i lag med orkesterutgåva av det unytta sporet «A Small Cigar» den 27. januar 1976.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull-frontmannen Ian Anderson sa at poenget med albumet var å illustrere korleis musikkstilen hans kunne gå av moten, men at om ein berre held seg til denne stilen, så vil alt som ein gong var ute av moten kome attende igjen.[1]

Anderson sa at konseptet kom etter alt ståket kring den nye punkrørsla, og var ikkje meint å vere sjølvbiografisk med han sjølv som ein aldrande låtskrivar, sidan han framleis var ung på denne tida (26-27 år).[1] «Ein del av pressa tok albumet vårt som eit forsøk på å ta pønkarane.» Anderson sa òg at grunnlaget for konseptet er «å syne at denne industrien er syklisk, og at om du held ut lenge nok, så vil du kome på moten att.»[2]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege ideen for albumet var at det skulle bli ein rockemusikal, liknande The Kinks sine album på midten av 1970-åra (som Preservation Act 1, Preservation Act 2 og Schoolboys in Disgrace). Ein følgjer ei eldre og pensjonert rockestjerne kalla Ray Lomas som vinn pengar på ein dekadent spørjekonkurranse, men finn ut at sidan samfunnet har endra seg så mykje at det ikkje lenger finst nokon som likar han, er det ingen måtar for han å glede seg over pengane på same måten han kunne i 1950-åra. Han vel derfor å ta sjølvmord på ein motorsykkel, men mislukkast og hamna i koma på sjukehus. Då han vaknar oppdagar han at samfunnet igjen har endra seg og at kles- og musikkstilen hans igjen er populær. I tillegg gjer ny medisin at han vert tjue år yngre. Han vart ein sensasjon over natta hos ungdomen som no kler seg som han og prøver å etterlikne han.

Mykje av soga er berre forklart i ein teikneserie som følgde albumet. Songane på albumet følgjer ikkje teikneserien eksakt, og tar ikkje med alle detaljar og stundom er det gjort endringar i handlinga.

Songen «Big Dipper» referer til berg- og dalbanen Big Dipper i Blackpool Pleasure Beach.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [3]
Rolling Stone(middels) [4]
Melody Maker(middels) [5]
SputnikMusic3/5 stars[6]

Rolling Stone klaga over «den uryddige soga» på albumet og sa at «Ian Anderson bør halde seg til musikken, for han er definitivt ikkje ein historieforteljar.» Likevel hylla den same meldinga musikken til Anderson, og gitarsoloane til Martin Barre.[4]

Chris Welch skreiv for Melody Maker og gav plata middels kritikk. Han sa at han «lengtar etter at rytmen til Barriemore Barlow bryt laus, eller at gitaren til Martin Barre kjem feiande», samstundes som han trekte fram poetikken til Anderson.[5]

AllMusic kalla albumet «eit av dei meir uvesentlege albuma i katalogen til Jethro Tull».[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! selde dårlegare enn det førre albumet, Minstrel in the Gallery (1975) og oppfølgjaren Songs from the Wood (1977). Det nådde 14. plassen i USA, 25. plassen i Storbritannia, 10. plassen i Austerrike, Noreg og Danmark,[7] og 27. plassen i Sverige. Det var det einaste albumet til Jethro Tull frå 1970-åra som ikkje har seld til gullplate.[8]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! vart ommastra i 2002 og CD-utgåva kom med to bonusspor som ikkje kom med på det originale albumet, «Small Cigar» og «Strip Cartoon».

Albumet kom sidan ut i ein plateboks kalla Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! - The TV Special Edition i november 2015. Boksen inneheld songar som ikkje før var gjevne ut og andre unytta spor frå innspelinga, alle miksa på ny av Steven Wilson, med eit hefte på 80 sider som fortalte om innspelinga av albumet og ein video frå eit TV-show spelt inn i 1976.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Quizz Kid»5:09
2.«Crazed Institution»4:48
3.«Salamander»2:51
4.«Taxi Grab»3:54
5.«From a Dead Beat to an Old Greaser»4:09
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Bad-Eyed and Loveless»2:12
2.«Big Dipper»3:35
3.«Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die»5:44
4.«Pied Piper»4:32
5.«The Chequered Flag (Dead or Alive)»5:32
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«A Small Cigar»3:39
12.«Strip Cartoon»3:19

40-årsjubileumsutgåva frå 2015 - TV special[endre | endre wikiteksten]

CD 1: Steven Wilson-miksen av det nyinnspelte albumet for ein TV-spesial, fem originale albumspor og eit unytta spor
Nr.TittelLengd
1.«Prelude» 
2.«Quiz Kid» 
3.«Crazed Institution» 
4.«Salamander» 
5.«Taxi Grab» 
6.«From a Dead Beat to an Old Greaser» 
7.«Bad-Eyed and Loveless» 
8.«Big Dipper» 
9.«Too Old to Rock'n'Roll: Too Young to Die!» 
10.«Pied Piper» 
11.«The Chequered Flag (Dead or Alive)» 
12.«From a Dead Beat to an Old Greaser» (originalt albumspor) 
13.«Bad-Eyed and Loveless» (originalt albumspor) 
14.«Big Dipper» (originalt albumspor) 
15.«Too Old to Rock'n'Roll: Too Young to Die!» (originalt albumspor) 
16.«The Chequered Flag (Dead Or Alive)» (originalt albumspor) 
17.«Quiz Kid» (opptak 1 frå Monte Carlo) 
CD 2: Steven Wilson-miksar av tilknytte innspelingar og flat overføring av det originale albumet
Nr.TittelLengd
1.«Salamander's Rag Time» 
2.«Commercial Traveller» 
3.«Salamander» (Instrumental) 
4.«A Small Cigar» (akustisk versjon) 
5.«Strip Cartoon» 
6.«One Brown Mouse» (tidleg, original miks) 
7.«A Small Cigar» (orkester versjon med original, uferdig miks) 
8.«Too Old To Rock'n'Roll: Too Young To Die!» (demo) 
9.«Prelude» (original flat overføring) 
10.«Quiz Kid» (original flat overføring) 
11.«Crazed Institution» (original flat overføring) 
12.«Salamander» (original flat overføring) 
13.«Taxi Grab» (original flat overføring) 
14.«From A Dead Beat To An Old Greaser» (original flat overføring) 
15.«Bad-Eyed And Loveless» (original flat overføring) 
16.«Big Dipper» (original flat overføring) 
17.«Too Old To Rock'n'Roll: Too Young To Die!» (original flat overføring) 
18.«Pied Piper» (original flat overføring) 
19.«The Chequered Flag (Dead Or Alive)» (original flat overføring) 
DVD 1:
Nr.TittelLengd
1.«Too Old To Rock'n'Roll: Too Young To Die?» (TV-film med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd miks og Dolby Digital Stereo) 
2.«TV audio» (i 96/24 stereo PCM) 
3.«Fem originale LP-spor (5.1 kringlyd og stereo)» (med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd og 96/24 stereo PCM) 
DVD 2: tilknytte innspelingar og anna
Nr.TittelLengd
1.«Salamander's Rag Time» (med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd og 96/24 stereo PCM) 
2.«Commercial Traveller» (med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd og 96/24 stereo PCM) 
3.«A Small Cigar (Acoustic Version)» (med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd og 96/24 stereo PCM) 
4.«Strip Cartoon» (med DTS og Dolby Digital 5.1 kringlyd og 96/24 stereo PCM) 
5.«Quiz Kid (Version 1)» (i 96/24 stereo PCM) 
6.«One Brown Mouse (early version) (Original Master Mix)» (i 96/24 stereo PCM) 
7.«Salamander (Instrumental)» (i 96/24 stereo PCM) 
8.«Strip Cartoon (Original Master Mix)» (i 96/24 stereo PCM) 
9.«A Small Cigar (Orchestrated Version) (Original Rough Mix)» (i 96/24 stereo PCM) 
10.«Too Old To Rock'n'Roll: Too Young To Die (Demo)» (i 96/24 stereo PCM) 
11.«Ei flat overføring av den origniale kvadrofoniske miksen av plata» 
12.«Ei flat overføring av den originale stereomiksen av plata» 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande
  • David Palmersaksofon (på spor 5), piano (på spor 11), orkestrering og dirigent
  • Maddy Prior – korvokal (på spor 8)
  • Angela Allen – korvokal (på spor 2 & 7)
Teknisk
  • Robin Black – lydteknikar
  • Michael Farrell – design, illustrasjonar
  • David Gibbons – design, illustrasjonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]