Tooji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Touraj Keshtkar, kjend som Tooji Keshtkar eller berre Tooji, (fødd 26. mai 1987 i Shiraz) er ein norsk songar, modell og programleiar. Då han var eitt år kom han til Noreg frå Iran saman med mora Lily.

Han starta å jobbe som modell då han var 16 år og etter å ha jobba som modell starta han som programleiar for Super Saturday og Toojis Top 10MTV Norge. I 2008 starta han med musikk og gav mellom anna ut singelen «Swan Song».

Melodi Grand Prix 2012[endre | endre wikiteksten]

Han enda på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Stay» og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk han vidare til gullfinalen og vann Melodi Grand Prix 2012. Han fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Tooji deltok i den andre semifinalen i Baku den 24. mai 2012 med «Stay». Songen gjekk vidare til finalen, men enda på ein absolutt sisteplass med 7 poeng.

Melodi Grand Prix Junior 2012[endre | endre wikiteksten]

Saman med Margrethe Røed skal han vere programleiar for Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum 1. september 2012.[1] Tooji vart valt ut som programleiar etter at Vegard Olsen måtte trekkje seg av di han arrangerte ein fest der aktivistgruppa Fuck for Forest deltok.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tooji» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2012.
  • Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Mal:Norske deltakarar i Eurovision Song Contest Mal:Norske låtskrivarar i Eurovision Song Contest

Mal:Vinnarar av Melodi Grand Prix Mal:Vinnarlåtskrivarar i Melodi Grand Prix