Toomas Hendrik Ilves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toomas Hendrik Ilves

Toomas Hendrik Ilves (fødd 26. desember 1953 i Stockholm) er ein estisk politikar og president i Estland sidan 9. oktober 2006.

Ilves vart fødd i Sverige som son av estiske flyktningar. Han voks opp i USA. Han studerte psykologi ved Columbia University i New York og University of Pennsylvania. Frå 1996 til 1998, og frå 1999 til 2002, var han estisk utanriksminister. Han er med i Det sosialdemokratiske partiet (Sotsiaaldemokraatlik Erakond), som han leia frå 2001 til 2002 då partiet heitte Det moderate folkepartiet (Rahvaerakond Mõõdukad). Han vart vald til president 23. september 2006 av Valmannsforsamlinga (Valimiskogu). Presidentperioden hans varer i 5 år.

Ilves er gift for andre gong og har tre born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Toomas Hendrik Ilves
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.