Toomas Savi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toomas Savi (2010)

Toomas Savi (fødd 30. desember 1942 i Tartu) er ein estisk politikar. Han er medlem av Europaparlamentet for Eesti Reformierakond («Det estiske reformpartiet»), som er ein del av European Liberal Democrat and Reform Party.

Toomas Savi er utdanna lege. Han vart uteksaminert frå Universitetet i Tartu i 1970, og spesialiserte seg i idrettsfysiologi i 1975. Han har arbeidd både som praktiserande lege og som forskar.

Han vart politisk aktiv på slutten av 1980-åra. Frå 1989 til 2000 var han i fleire periodar medlem av bstyret i Tartu. Frå 1993 til 1995 var han viseordførar i Tartu. I 1994 vart han medlem av reformpartiet, og i 1995 vart han vald inn i den estiske nasjonalforsamlinga, Riigikogu, der han i to periodar var parlamentspresident. Frå 2003 til 2004 var Savi visepresident i Riigikogu og observatør i Europaparlamentet. Våren 2004 vart han vald inn i Europaparlamentet, der han vart den einaste representanten frå partiet sitt.

Som idrettslege og ivrig sportsutøvar var han i 1989 med på å grunnleggje Den estiske olympiske komiteen, der han har vore visepresident sidan 2008. Sidan 1999 har han også vore president i Det estiske skiforbundet.