Castrum Danorum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Toompea loss)
Castrum Danorum

Kart
Castrum Danorum
59°26′08″N 24°44′14″E / 59.435555555556°N 24.737222222222°E / 59.435555555556; 24.737222222222
Castrum Danorum; heilt til høgre Pikk Hermann-tårnet med det estiske flagget.

Castrum Danorum (latin for «Danskeborga»; estisk noverande namn Toompea loss; tidlegare truleg kalla Taani linn), er ei borg på kalksteinsbakken Toompea i den sentrale delen av Tallinn, hovudstaden i Estland. I perioden då Estland var dansk, var det namnet på heile byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste festninga på staden, som var bygd av tre, skal ha vore bygd på høgda anten på 900-talet eller 1000-talet av innbyggjarane i det gamle estiske området Revalia (Rävala), og vert i visse finske kjelder omtala som Kesoniemi. Det utgjorde truleg eit av dei fyrste folkesette områda av det som skulle verte til Tallinn.

Etter kvart vart borga utbygd og i stor grad ombygd i stein. Det fyrste steintårnet må ha vore på plass allereie rundt 1220.

I juli 1219 vart borga overteken av danske krossriddarar som var leidde av Valdemar Sejr. Ifølgje legenda fall det fyrste Dannebrog ned frå himmelen under slaget ved Lyndanisse, og synet av flagget inspirerte dei danske troppane til siger. Legenda har også relevans for det norske flagget, ettersom det er modellert etter det danske førebiletet.

Danskane overtok byen og borga, og ho vart deretter omtala som Castrum Danorum (Danskeborga). Éin hypotese er at namnet vart overført til det oldestiske språket som Taani(n) linna, og seinare forkorta til det moderne namnet på byen Tallinn.

Frå 1227 til 1237 kontrollerte Sverdriddarane (Brorskapen av Kristi riddarar i Livland) borga. Dei hadde innleidd sine åtak på dei estiske stammane i 1216. Desse krossriddarane heldt fram med utvidinga av henne.

Borga, som har gjennomgått mange ombyggingar, er stadig eit sentralt punkt i Tallinn, og med Pikk Hermann-tårnet øvst, dominerer det slottshøgda Toompea. 12. desember 1918 vart den estiske trikoloren for fyrste gong offisielt heisa som det estiske nasjonalflagget over dette tårnet. Eit anna av tårna, som er kalla Kiek in de Kök, er også velkjent; det er spesielt kraftig og var veleigna som kanonstilling. Det har (det plattyske) namnet sitt frå at dei soldatane som var sende dit, kunne kikke rett ned og inn i kjøkkena i bygardane nedanfor høgda.

Det romslege borgområdet husar i dag den estiske nasjonalforsamlinga, Riigikogu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]