Toplitzsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toplitzsee
innsjø
Land  Austerrike
Utløp Toplitz
Høgd over havet 718 moh.
Lengd km
Breidd 0,400 km
Koordinatar 47°38′30″N 13°55′40″E / 47.64167°N 13.92778°E / 47.64167; 13.92778
Kart
Toplitzsee
47°38′30″N 13°55′40″E / 47.641666666667°N 13.927777777778°E / 47.641666666667; 13.927777777778
Wikimedia Commons: Toplitzsee

Toplitzsee er ein innsjø i ein tett fjellskog høgt i dei austerrikske Alpane, om lag 100 km frå Salzburg vest i Austerrike. Han er omringa av høge fjell og skogar i det naturskjønne Salzkammergut-distriktet i Totes Gebirge (Dei daude fjella).

Ein meiner at innsjøen inneheld store delar av misgjerningane til Tyskland frå Den andre verdskrigen. Det er påstått at nazistane dumpa store mengder gull og andre uvurdelige skattar, inkludert dei forsvunne panela frå Ravrommet i Russland, i tillegg til dokument som viste kor andre skattar ligg eller låg. Meir enn 100 millionar falske engelske pund skal òg ha blitt kasta i innsjøen etter at Operasjon Bernhard ikkje vart utført. Desse rykta skal ha ført til mange skattejegarar i område og ut i den djupe innsjøen, og enkelte har omkomme som følgje av dette.

Under krigen, i 1943 og 1944 var Toplitzsee ein marin teststasjon for nazistane, som ein berre kunne nå til fots. Her eksperimenterte forskarar med forskjellige eksplosivar og detonerte opp til 4 tonns ladingar i forskjellige djup. Dei avfyrte òg torpedoar ut i innsjøen og inn i Tote-fjella, noko som laga store hol i fjellveggen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]