Toppmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppmeis
Toppmeis
Toppmeis
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Toppmeis
Utbreiinga av Toppmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Meisefamilien Paridae
Slekt: Lophophanes
Art: Toppmeis L. cristatus
Vitskapleg namn
Lophophanes cristatus

Toppmeis (Lophophanes cristatus, tidlegare Parus cristatus) er ein fugl i meisefamilien. Lengda er om lag 12 cm, og vekta er 11 gram.

Toppmeisa har ein karakteristisk fjørtopp på hovudet. Elles har den ei markert svart og kvit hovudteikning. På oversida er den gråbrun, medan på undersida meir lysegrå.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten er utbreidd i vestlege delar av Palearktis frå Skottland i vest og austover til Ural. Innanfor dette området manglar fuglen i dei nordlege delane av Fennoskandia, og i Nord-Afrika og delar av Middelhavsområdet.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar fuglen i barskogsområda over heile Sør-Noreg, men tettleiken avtek sterkt nord for Trondheimsfjorden. Nordlegaste hekkeområda er i nedre del av Namdalen. Toppmeisa er ein utprega barskogsfugl som best likar furuskog og barblandingsskog. Ho kan også hekke i rein granskog, men ikkje i tette plantingar på Vestlandet. Mangel på aktuelle næringsdyr er truleg den viktigaste årsaka til at toppmeisa ikkje hekkar i slike biotopar. I denne samanhengen er skogen sin struktur, lystilhøve og førekost av mose og lav på trea viktigare enn sjølve treslaget. Fuglen vil helst ha gammal lavrik skog og skog med open struktur. I kyststrok på Vestlandet hekkar fuglen også i relativt unge plantingar av furu og buskfuru berre der er tilgang på hekkeplassar i form av morkne tre eller fuglekasser. Ein reknar med at meir enn 50 000 par hekkar i Noreg.

Toppmeisa er ein sosial fugl som gjerne held seg saman med andre fuglar om vinteren. Ofte kan ein sjå henne i flokkar saman med granmeis, svartmeis og fuglekongar.

Egg

Fuglen hekkar frå april til juli. Toppmeisa får 4-8 egg, og rugetida er 13-15 dagar. Ungane forlét reiret etter 17-21 dagar. I blant legg paret to kull. Toppmeisa byggjer reir i uthakka trehòl. Ofte hakkar fuglane ut holet sjølve dersom trea eller stubbane er morkne nok. Dei nyttar seg også av fuglekasser.

Toppmeisa er utprega standfugl. Ungfuglar kan streife ein del, spesielt seint på sommaren og om hausten.

Toppmeis er den utvalde fuglen til det svenske landskapet Västmanland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toppmeis
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.