Torárull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torárullane)
Ein opna torárull.

Ein torárull (hebr. סֵפֶר תּוֹרָה sēfer Tōrā) er ein bokrull med to spindlar som inneheld Toráen. Sjølve dokumentet er handskrive på hebraisk på ein keláf (pergament) av eit reint dyr og rulla opp på dei to spindlane, som kvar blir kalla es hajím (livets tre).

Torárullen er innpakka når han ikkje er i bruk. Samaritanarar, romaniotes, mizrahiske jødar og nokre sefardiske jødar brukar ein «tik» — ein sylinder av tre eller metall. Askenasiske jødar og dei fleste europeiske og nordafrikanske sefardiske jødar brukar ei kappe i staden. Denne kappa går under namna toramantel (ask.), vestido (sef.) eller meíl (hovudsakleg ital.). Italienske jødar brukar gjerne både tik og kappe.

Når torárullen ikkje er i bruk, blir han lagra i hekhálen (arka).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Torárull