Tor-Aksel Busch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor-Aksel Busch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1950 (73 år)
Oslo
Yrke aktor
Tor-Aksel Busch på Commons

Tor-Aksel Busch (fødd 17. mars 1950) er Noregs riksadvokat sidan 1. september 1997. Han er formelt underlagt Kongen i statsråd, men er i praksis dagleg leiar av påtalemakta.

Tor-Aksel Busch har juridisk embetseksamen frå 1974. Før han vart riksadvokat, var han assisterande riksadvokat frå 1987. Frå 1981 til august 1987 var han statsadvokat ved Eidsivating (no Oslo) statsadvokatembete.

Busch har såleis lang fartstid frå påtalemakta. Frå 1976 til 1981 var han politifullmektig og seinare politiadjutant (no politiadvokat) ved Oslo politidistrikt. Han har òg vore domarfullmektig ved Nedre Romerike tingrett.

Busch etterfølgde Georg Fredrik Rieber-Mohn, tidlegare domar i Høgsterett, no spesialrådgjevar i Justisdepartementet.

Busch har den siste tida teke til orde for avskaffing av juryordninga i Noreg. Dette grunngjev han i hovudsak med veikskapen som ligg i at juryen ikkje grunngjev avgjerdene sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]