Tor B. Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor B. Jørgensen
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Tor Berger Jørgensen (fødd 27. desember 1945 i Oslo) er biskop i Sør-Hålogaland bispedømme, og har vore det sidan januar 2007.

Tor Jørgensen studerte teologi ved Misjonshøgskolen i Stavanger og Menighetsfakultetet i Oslo og vart cand.theol. i 1972. Han vart ordinert 21. januar 1973 i Gamle Aker kyrkje.

Han har tidlegare arbeidd som vernepliktig feltprest, før han i 1974 reiste til Japan for misjonsteneste for Det norske Misjonsselskap og Kinki Evangelisk-Lutherske kyrkje. Der gjorde han teneste frå 1974 til 1980 og frå 1983 til 1989, dei siste åra som professor i kyrkjehistorie ved Kobe Lutherske Teologiske Seminar. I perioden 1980-1983 var han stipendiat i kyrkjehistorie.

Frå 1989 arbeidde han ved hovudkvarteret til Det norske Misjonsselskap, frå 1991 til 1999 som generalsekretær. 30. januar 2000 vart han innsett som domprost i Bodø. 28. januar 2007 vart han ordinert som biskop Sør-Hålogaland.

Han gifta seg med Anne Marie Berger frå Frogner i Sørum 4. august 1973.

Syn på homofile i kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I 2000 endra Jørgensen syn om homofile si stilling i kyrkja og har sidan vore mellom dei mest liberale i dette synet. Jørgensen var òg kandidat som biskop i Oslo bispedømme i 2005, då Ole Christian Kvarme vart vald. Ei knapp veke før han skulle vigslast til biskop 28. januar 2007 gav han overfor Aftenposten til kjenne at han gjekk inn for at det vert innført eit eige ritual i kyrkja for homofile par som inngår partnerskap.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Glede i grått (1984) (frå Japan)
  • Om Japan i Det Norske Misjonsselskaps jubileumshistorie (1992).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl