Tor Håkon Holte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Håkon Holte
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1958 (65 år)
Drammen kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1984, Ski-VM 1985

Tor Håkon Holte (fødd 1. august 1958) er ein norsk snikkar og tidlegare norsk langrennar frå Hokksund i Buskerud.

Holte var med på Noregs lag som vart verdsmeister på 4 x 10 km stafett under VM i Seefeld i 1985. Dei tre andre på laget var Arild Monsen, Pål Gunnar Mikkelsplass og Ove Aunli. Holte gjekk tredje etappen. Hans største prestasjonar individuelt kom på 50 km i Holmenkollen i 1984, og på same distansen i Lahti året etter. I begge desse renna gjekk han heilt til topps. Han vann fem individuelle norgesmeisterskap, tre gongar var han med å vinne stafettgull i NM.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1980: Nr 3 på tremila i Falun.
  • 1982: Nr 2 på 15 km i Reit im Winkl, nr 4 på tremila i Falun.
  • 1982/3: Nr 2 på 15 km i Davos, nr 10 på femmila i Holmenkollen.
  • 1984: Vinnar av femmila i Holmenkollen. Nr 8 på 15 km i OL i Sarajevo.
  • 1984/5: Vinnar av femmila i Lahti. Nr 9 på femmila i VM i Seefeld. Nr 2 på 15 km både i Vitosja og Syktyvkar.
  • 1985/6: Nr 11 på 15 km i Labrador City, nr 14 på femmila i Holmenkollen.
  • 1986/7: Nr 5 på 15 km i Cogne.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Norgesmeister i stafett (3x10 km) tre år på rad for Hokksund (1984 med broren Geir Holte og Oddvin Bakkene), (1985 med Geir Holte og Arild Monsen) og (1986 med Geir Holte og Oddvin Bakkene).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar