Tor Jonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Tor Jonsson (14. mai 191614. januar 1951) var ein norsk forfattar frå Lom kommune i Gudbrandsdalen.

Han levde i stor fattigdom med ei sjuk mor som var nærmast hjelpelaus. Faren blei urettferdig behandla, noko som førde til at familien kom ut i ein langdregen kamp. Tor Jonssons far døydde tidleg, og Jonsson måtte derfor jobbe som gards- og gartnararbeidar. Han hadde eit vanskeleg sinn, og var alt i barneåra litt av ein einstøing. Jonsson blei sterkt prega av oppveksten, og det ser ein også i dikta hans, som ofte har store, tunge skuggar over seg. Seinare har det kome fram at det var ein del fyll og pillebruk i livet til Jonsson. Den radikale, bygdeintellektuelle, og engasjerte Tor Jonsson søkte nærheit og kjærleik, men var tydelegvis ikkje den enklaste å koma innpå. Samtidig var han vennesæl, og hadde mange gode kameratar. Han kjende seg bunden av omsynet til mora, som var mykje sjuk, den eine systera, som også hadde vanskar, og søkte etter ei kvinne som nok var lettare å finne i tankane enn i verda. Då mora hans døydde, flytta Tor Jonsson frå heimbygda, og i 1950 kom han til Oslo. Der blei han hovudstups forelska i journalisten Ruth Alvesen, men forholdet enda likevel ulykkeleg. I 1951 tok Tor Jonsson sitt eige liv. Jonssons forfattarskap omfattar alle sjangrar, men det er lyrikken og essaya han er mest anerkjent for. Han blir ofte beskrive som ein brukslyrikar, for det er ikkje abstrakt leik med språkbilde og utprøving av avanserte verkemiddel Jonsson driv med i dikta sine.

I 2000 gav multikunstnaren Andrej Nebb ut CDen "Kvite fuglar", der 14 av Tor Jonsson sine tekstar er sett musikk til.

[endre] Bibliografi

  • Mogning i mørkret (lyrikk) 1943
  • Berg ved blått vatn (lyrikk) 1946
  • Jarnnetter (lyrikk) 1948
  • Nesler (artiklar) 1950
  • Ei dagbok for mitt hjarte (lyrikk) 1951
  • Siste stikk (einaktar) 1951
  • Prosa i samling (prosa) 1960
  • Diktning (dikt og prosa) 1963
  • Og evig er Ordet (lyrikk i utval v/Reidar Djupedal) 1970
  • Kvite fuglar (lyrikk i utval v/Otto Hageberg) 1978
  • Ved grensa (tekster i utval, ill. av Anders Kjær) 1995
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller (prosa i utval, ved Ingar Sletten Kolloen) 2000

[endre] Prisar


[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk